Partitaer, BWV 825-830

Partitaer, BWV 825–830, er ei samling av seks suitar for klaver av Johann Sebastian Bach, publisert frå 1726 til 1730 som Clavier-Übung I. Dette var dei første av verka hans som vart publiserte. Dei var av dei siste klaversuitane han komponerte i lag med Englische Suiten og Französische Suiten.

Historie endre

Desse seks suitane for klaver er dei siste Bach komponerte og dei mest teknisk krevjande. Dei vart komponert mellom 1725 og 1730 eller 1731. Som med dei franske og engelske suitane finst ikkje lenger det originale manuskriptet for partitaene.

På 1800-talet vart desse partitaene gjerne kalla Tyske suitar, i tråde med dei engelske og franske suitane. Det er derimot ingenting ved partitaene som er særskild tysk. Partitaene har ei langt meir varierande form enn dei andre suitane. I motsetnad til dei engelske suitane til Bach, som alltid opnar med eit preludium, har partitaene forskjellige opningsstilar, som mellom anna ouverture og toccata.

Kvar av partitaene vart publiserte separat, men vart samla til eit enkelt bind i 1731 kalla Clavier-Übung I (Klaverøving), som Bach sjølv valde å kalle hans Opus 1. I motsetnad til tidlegare suite-samlingar, ønskte Bach opphavleg å publisere sju partitaer, og fortalte våren 1730 då den femte partitaen kom ut, at han skulle gje ut to partitaer til. Strukturen til partitaen følgjer H - c, a - D, G - e, slik at F er den logiske fortsetjinga. Italiensk konsert, som er i tonearten F og som vart publisert i Clavier-Übung II, er truleg frå ein av desse partitaene som Bach ikkje gav ut.

Innhald endre

  • Første partita i B, BWV 825
Preludium, Allemande, Courante, Sarabande, Menuett I, Menuett II, Gigue
  • Andre partita i c-moll, BWV 826
Sinfonia, Allemande, Courante, Sarabande, Rondeau, Capriccio
  • Tredje suite i a-moll, BWV 827
Fantasi, Allemande, Corrente, Sarabande, Burlesca, Scherzo, Gigue
  • Fjerde suite i D-dur, BWV 828
Ouverture, Allemande, Courante, Arie, Sarabande, Menuett, Gigue
  • Femte suite i G-dur, BWV 829
Preambulum, Allemande, Corrente, Sarabande, Tempo di Minuetto, Passepied, Gigue
  • Sjette partita i e-moll, BWV 830
Toccata, Allemande, Corrente, Air, Sarabande, Tempo di Gavotta, Gigue

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Partitas, BWV 825-830