Patrik Kristiansson

Arne Patrik Kristiansson, gift Klüft, (fødd 3. juni 1977) er ein svensk tidlegare stavhoppar og seinare ishockeytrenar frå Göteborg.

Patrik Kristiansson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 3. juni 1977 (46 år)
Göteborg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Q10524027

Kristiansson slo gjennom i 1998-sesongen då han sette svensk rekord med 5,77 meter. I 2001 forbetra han rekorden til 5,83 m og i 2002 til 5,85 m. Åra 1998, 2001, 2002 og 2003 vart han svensk meister i stavhopp.

Ved innandørs-EM 2002 i Wien vart Kristiansson andremann på 5,75 m, likt med så vel vinnaren som tredjemann. Under europameisterskapen 2002 i München enda han på fjerdeplass med 5,80 m, jamhøgt med dei to tyskarane som tok sølv og bronse. Høgdepunktet som stavhoppar kom då han under Paris-VM 2003 tangerte den personlege rekorden og tok bronsemedaljen.

Han gifte seg med Carolina Klüft i 2007 og tok hennar slektsnamn til etternamn.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre