Paul McGrath

irsk fotballspelar

Paul McGrath, opphavleg Paul Nwabilo, (fødd 4. desember 1959) er ein irsk tidlegare fotballspelar, fødd i London. Over ein tiårsperiode frå 1985 til 1996 utmerkte han seg som ein sterk midtstoppar, fyrst i Manchester United til 1989, deretter i Aston Villa til 1996. McGrath var i mange år fast på det irske landslaget, spelte 83 landskampar og skåra åtte mål.

Paul McGrath
McGrath, Paul.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Paul McGrath
Fødselsdato 4. desember 1959 (61 år)
Fødestad Ealing i England
Høgd 183 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981-1982 St. Patrick's Athletic 26 (4)
1982-1989 Manchester United  163 (12)
1989-1996 Aston Villa 253 (9)
1996-1997 Derby County 24 (0)
1997 Sheffield United (lån) 7 (0)
1997-1998 Sheffield United 5 (0)
Totalt 478 (25)
Landslag
1985-1997 Irland 83 (8)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

McGrath spelte 1981/82-sesongen på St Patrick's Athletic FC i Dublin. Strak fekk han kontrakt med Manchester United, utan han vart aktuell for ein plass i mannskapet som FA-cupen 1983. Gradvis fekk han meir tillit, og lenge før Manchester United kvalifiserte seg til ein ny FA-cupfinale i 1985, hadde teke over som midtstoppar i stade for skotten Gordon McQueen. Skadar, dårleg form og usemje med lagsjef Alex Ferguson førte til at McGrath fekk mindre speletid frå 1987 og 1988.

I august 1989 vart McGrath overført til Aston Villa mot £400 000. På Villa Park vart han ein publikumsfavoritt, og vart i 1993 jamvel kåra til Spelarane sin spelar i England. I mars 1994 var han med då Aston Villa vann ligacupfinalen med 3-1 over Manchester United. To år etter vann McGrath ligacupen for andre gong, då Aston Villa sigra med 3-0 over Leeds United. Hausten 1996 gjekk turen til Derby County, medan han hausten 1997 spelte for Sheffield United på nivå to i ligaen i tre månader.

LandslagsspelEndra

McGrath fekk sin landslagsdebut i februar 1985 og spelte 83 landskampar i tida fram til februar 1997. Han var ein viktig spelar då Irlands landslag sist i 1980-åra byrja hevde seg mot dei beste fotballandslaga i Europa, under landslagssjef Jackie Charlton. McGrath deltok såleis i Fotball-EM 1988 og spelte alle Irlands kampar under verdsmeisterskapen i 1990 og i 1994. Han spelte tre kampar mot Noreg, alle tre enda 0-0. Den siste av desse kampane førte til at Noregs lag rauk ut or VM 1994, grunna færre mål enn dei andre laga i gruppa. McGrath skåra i alt 8 landslagsmål.

MerittarEndra

  • Vinnar av FA-cupen:1985 med Manchester United
  • Vinnar av ligacupen: 1994 og 1996 med Aston Villa

KjelderEndra