Paul Kipng'etich Tanui (fødd 22. desember 1990) er ein kenyansk langdistanseløpar som vann sølvmedaljen på 10 000 meter under Sommar-OL 2016 og i tre verdsmeisterskap på rad tok bronsemedaljen på same distansen.

Paul Tanui
Statsborgarskap Kenya
Fødd 22. desember 1990 (33 år)
Nakuru
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016

Aktiv endre

Tanui vart andremann i terrengløps-VM 2011 i spanske Punta Umbria. Sommaren 2011 sette han personbeste på 10 000 meter med 26.50,6 ved eit stemne i Eugene i USA. To år seinare vart han tredjemann på 10 000 meter då verdsmeisterskapen fann stad i Moskva. Verdsmeister vart Mo Farah, ein kar som vann milløpet både i VM 2015, OL 2016 og VM 2017. I desse tevlingane vart Tanui høvesvis nummer tre, nummer to og nummer tre.

Tanui forbetra i 2014 den personlege rekorden på 10 000 m til 26.49,4 i Eugene. I 2015 sprang han for fyrste gong under 13 minuttar på 5 000 m, i Roma vart han klokka inn på 12.58,6.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre