Pave Urban II

pave

Urban II (fødd ca. 1035, død 29. juli 1099) var pave frå mars 1088 til 1099. Han heitte opphavleg Odo av Lagery (òg stava Otho eller Otto), og var frå ein adelsfamilie frå Châtillon-sur-Marne i Frankrike.

Den salige Urban II

Urban II
DåpsnamnOtho de Lagery
Føddca. 1035
Châtillon-sur-Marne
Død29. juli 1099
Roma
Vald12. mars 1088
Innsett1088
Saligkåra:1881
Heilagkåra:Ikkje heilagkåra
Festdag:29. juli
Føregangar:Viktor III
Etterfylgjar:Paschalis II

Tidleg liv endre

Han vart utdanna innan den katolske kyrkja, og virka ei tid som erkediakon i Reims. Ein av lærarane han var St Bruno, som påverka han til å gå i kloster i Cluny i 1068. Der vart han med tida vald til prior. I 1078 vart han kalla til Roma av pave Gregor VII, som i 1080 utnemnde han til kardinalbiskop av Ostia.

Som kardinal var han ein av dei mest aktive støttespelarane for den gregorianske reforma. Mellom anna var han paveleg legat til Det tysk-romerske riket i 1084-85. Den var på den tida vanleg at ein pave nominerte kandidatar til neste paveval, og han var av dei få Gregor VII nemnte. I 1086 vart i staden Desiderius, som var abbed i Monte Cassino, vald til pave og tok namnet Viktor III.

Pontifikatet endre

Viktor III sin pontifikat vart kortvarig. Han døydde i Monte Cassino 16. september 1087. Først den 12. mars 1088 vart Odo vald under ei samling av kardinalar i Terracina. Han tok opp att Gregor VII sine reformer, og brukte sine diplomatiske evner til å vinne gehør for dei.

Sidan 1084 hadde motpave Klemens III sete i Roma, og dette vart ein utfordring for Urban II. Klemens hadde allereie vore årsak til at det tok eit halvt år å velje ny pave. Urban hadde sjølv leia synoden som bannlyste motpaven, som var alliert med den tysk-romerske keisaren Henrik IV. Gjennom å halde ei rekkje synoder, eit av dei i Roma, klarte Urban å få støtte frå mange biskopar for reformarbeidet sitt, og kunne derfor halde fram striden mot keisaren og motpaven.

Urban kom til Roma i 1088, men måtte då busette seg på Tiberøya. Først året etter klarte han å få kontroll over byen. Då keisaren 1090-92 invaderte Italia, måtte han forlate byen igjen, og levde ei tid i Sør-Italia. Henrik IV si krigslykke snudde, og i 1093 kunne Urban vende tilbake til Roma, denne gong for godt. Han fekk kontroll over Lateranpalasset i 1094, ved hjelp av muting. I 1098 fekk han òg kontroll over Castel Sant'Angelo, og kontrollerte dermed ei viktig innfartsåre til byen.

Sicilia endre

Urban II hadde lenge hatt eit godt forhold til normannarane i Sør-Italia og på Sicilia. Særleg fekk han viktig støtte frå greve Roger I Guiscard av Sicilia. Urban gav gode gjenytingar; Guiscard-familien fekk maktposisjon sin på Sicilia stadfesta, og det sicilianske monarki varte heilt til pave Pius IX trekte det tilbake i 1867. I avtalen inngjekk det at Sicilia og Sør-Italia skulle vere pavelege len, slik at Roger Guiscard og etterkommarane hans styrte på paven sin vegne.

Spania endre

I Spania oppmuntra Urban til framleis gjenerobring frå maurarane, den såkalla Reconquista. Som del av dette tok han Aragón-Navarra og Katalonia som pavelege len og reorganiserte landet kyrkjeleg. I 1088 gjenoppretta han erkebispesetet i Toledo, og gjorde erkebiskopen der til primas for heile Spania.

Det første krosstoget endre

I mars 1095 mottok Urban utsendingar frå den austromerske keisaren, Alexius I Comnenus, som bad om hjelp mot muslimane. Paven, som no var anerkjent som den verkelege paven av dei fleste i vest, samla konsilet i Clermont for å diskutere spørsmålet. Synoden vart halde i november 1095 med 13 erkebiskopar, 225 biskopar og 90 abbedar til stades. Der heldt paven det som av mange historikarar har vorte kalla den mest effektive talen i Europa sinhistorie. Han oppfordra franskmennene til å reise frå det han kalla «det overfylte heimlandet» deira for å ta «Kanaan, Det heilage landet, som flaut av mjølk og honning».

Krosstoget ville òg gje vesten auka påverknad i eit område som låg under ortodokse patriarken av Konstantinopel. Urban ønska å gjere dette på ein måte som kunne fremme ei forsoning etter aust-vest skismaet frå 1054. Mellom anna løyste han patriark Alexios av Konstantinopel frå bannlysing.

Responsen på Urban sin tale var overveldande, og det første krosstoget var eit faktum. Krossfararane reiste i 1096, og nesten fire år seinare, i juli 1099 erobra dei Jerusalem. Urban fekk ikkje sjølv oppleve dette; han døydde to veker etter erobringa av byen, men nyhenda hadde ikkje nådd Italia enno.

Filip I av Frankrike endre

Kong Filip I av Frankrike (1060-1108) utløyste i 1092 ei krise. Han skilde seg då frå kona Bertha og gifta seg med Berthrade. Den nye kona hans var òg tidlegare gift, med greven av Anjou. Kongen var alt i konflikt med paven, fordi han hadde seld kyrkjelege embete; simoni var ein praksis som Urban sterkt fordømde. Paven bannlyste Filip. I 1104 måtte Filip og Berthrade møte berrbeint for ei forsamling av biskopar i Paris, og love å halde seg borte frå kvarandre; Urban sin etterfølgjar Paschalis II oppheva bannlysinga.

Urban sin død, og etterspel endre

Urban II døydde den 29. juli 1099 i Roma.

Motpave Klemens III døydde i januar 1100, men sidan 1095 hadde påverknaden hans vore sterkt avgrensa. Keisar Henrik IV hadde lidd nederlag, og keisaren sitt krav om å vere overhovud for kyrkja hadde stilna. Paschalis II tok derfor over under langt lettare forhold enn Urban hadde gjort.

Urban vart tidleg rekna som helgen, men vart ikkje formelt heilagkåra. Først i 1881 vart han saligkåra av pave Leo XIII. Minnedagen hans er dødsdagen, 29. juli.