Paweł Fajdek (fødd 4. juni 1989) er ein polsk friidrettsutøvar frå Świebodzice som tevlar i sleggjekasting. Han vart verdsmeister i øvinga fire gongar i rad: 2013, 2015, 2017 og 2019, europameister i 2016. Fajdek har ein personleg rekord på 83,93 meter, oppnådd i 2015.

Paweł Fajdek

Paweł Fajdek i 2015
Foto: Zorro2212
Statsborgarskap Polen
Fødd 4. juni 1989 (34 år)
Świebodzice
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Sleggekast menn

Utmerkingar

ridder av ordenen Polonia Restituta, Fortjenstkorset i gull

Paweł Fajdek kastar under Universiaden i 2015.

Aktiv endre

Under verdsmeisterskapen 2013 forbetra Fajdek sitt personbeste med nærare to meter til 81,93 meter og vann sleggjeøvinga framom favoritten Krisztián Pars. Året etter flytta Fajdek rekorden sin til 82,05 m i EM-finalen, men vart vist til sølvplass av nemnde Pars. 9. august 2015 i Szczecin slengde Fajdek sleggja 83,93 meter, hans livs beste kast. På langt nær like langt kasta han ikkje i VM i Beijing to veker seinare, likevel vart det ein klar siger. Heller ikkje i EM 2016 var han mykje truga i kampen om gullmedaljen i øvinga.

Etter ein mislukka OL-tur til Rio de Janeiro i 2016, heldt Fajdek fram å plukke medaljar i åra etter. Han vann VM-gull i 2017 med romsleg margin, vist til sølvplass av landsmannen Wojciech Nowicki i EM 2018, men kom tilbake i 2019 og vann i Doha VM-gull for fjerde gong i rad. Under dei olympiske sommarleikane 2021 i Tokyo kom han på tredjeplass med eit bestekast på 81,53 m, nær meteren bak Nowicki ogslått med 5 cm av den norske overraskingsmannen Eivind Henriksen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre