Peacekeeper av Fleetwood Mac

Peacekeeper
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Say You Will
Utgjeve 15. april 2003
Innspelt 2003
Sjanger Rock
Lengd 4:12
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Lindsey Buckingham
Produsent Lindsey Buckingham and John Shanks
Fleetwood Mac-kronologi 
«Landslide» (live)
(1998)
Peacekeeper «Say You Will»
(2003)


«Peacekeeper» er ein song av Fleetwood Mac, skriven av gitaristen og vokalisten Lindsey Buckingham. Han vart gjeven ut i 2003 på albumet Say You Will. Songen vart gjeven ut som den første og mest suksessrike singelen frå albumet.

Bakgrunn endre

«Peacekeeper» vart skriven i 2000, tre år før Say You Will kom ut, heime hos Buckingham. Songen var opphavleg meint for eit soloalbum av Buckingham, men Warner Bros ønskte at Buckingham i staden skulle nytte songane på eit komande album med Fleetwood Mac.

«Peacekeeper» gjekk inn på den amerikanske singellista på ein 93. plass den 29. mars. Sju veker seinare, den 17. mai, nådde singelen den høgaste plasseringa på lista, ein 80. plass. Songen låg i alt 11 veker inne på Billboard Hot 100.[1][2] På New Zealand gjekk singelen heilt til 31. plassen på singellista, medan han ikkje gjekk inn på singellista i Storbritannia i det heile.

Dette vart den 25. og foreløpig siste singelen deira som gjekk inn på Billboard Hot 100 i USA.

Medverkande endre

Andre medverkande

Innhald endre

  1. «Peacekeeper» (Single Remix) – 4:11
  2. «Peacekeeper» (Single Edit) – 3:42

Lister endre

Liste (2003) Plassering
US Singles Chart 80
U.S. Adult Contemporary 10[3]
US Adult Top 40 16
New Zealand 31
Nederland 100

Kjelder endre