Peder Anderssen Sønju

norsk politikar

Peder Anderssen Sønju (24. juli 18406. september 1903) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud.

Peder Anderssen Sønju
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1840
Øvre Eiker kommune
Død

6. september 1903 (63 år)
Nore

Yrke politikar
Språk norsk

Far hans var gardbrukar på Sønju. Sjølv kjøpte han grannegarden Håve av far sin i 1858 og dreiv denne, i 1866 overtok han også Sønju. År 1872 flytta han til garden Guterud i Nore og dreiv denne. Han fungerte som lensmann i Nore 1874-76, fast tilsett i stillinga 1887-1903.

I to år var han medlem av formannskapet i Eiker og 1879-87 i Nore, seks av åra var han ordførar i Nore. Elles var han fire år styreformann i Nore Sparebank og medlem av forlikskommisjonen frå 1877. Han var styremedlem av amtet sitt landbruksselskap og hadde mange andre verv.

Sønju var 1883-85 4. representant og 1892-94 3. representant på Stortinget. Han vart vald for Buskeruds amt og partiet Venstre. I den fyrste perioden var han medlem av jarnbanekomiteen, medan han i den andre perioden var medlem av Lagtinget, landbrukskomiteen og valkomiteen.

Sønju døydde 1903 på garden sin i Nore.

Kjelder endre