Pentlanditt er eit bronsegult, metallisk mineral, eit jernnikkelsulfid, (FeNi)9S8, med kubisk symmetri. Det opptrer samanvekst med pyrrhotitt i førekomstar knytet til gabbromassiv, og er den viktigaste nikkelerts, og finst mellom anna i Sudbury i Ontario i Canada; Petsjenga i Russland og det var tidlegare drift på ei rekkje førekomstar i Noreg.

Pentlanditt

Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formeljern-nikkelsulfid:(Fe,Ni)9S8
Strunz-klassifisering02.BB.15a
Identifikasjon
FargeGulaktig bronse
Krystallformheksotaheder sjelden; massiv til korna
KrystallsystemIsometrisk
Kløyvfråverande - åttesidig deling
BrotMuslig
Mohs hardleiksskala3,5-4
Glansmetallisk
Strekfargelys bronse-brun, grønaktig svart
Spesifikk vekt4,6-5,0
Optiske eigenskapar
Brytingsindeksugjennomsiktig
Smeltbarheit1,5-2
Andre eigenskaparvert magnetisk ved oppvarming
Kjelder[1][2][3][4][5][6][7]

Mineralet vart først påvist og skildra frå Espedalen nikkelgruve under namnet jernnikkelkis av K. J. A. T. Scheerer i 1843. Det er kalla opp etter den irske naturforskaren Joseph Barclay Pentland (1797–1873).

Kjelder endre

  1. Handbook of Mineralogi
  2. Mindat.org
  3. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., Wiley, p. 280-281 ISBN 0-471-80580-7
  4. Mindat.org - Forum
  5. Webmineral.com
  6. «Pentlandit» (på tysk). 
  7. Schumann, Walter (1991). Mineralien aus aller Welt (på tysk) (2 utg.). BLV. s. 224. ISBN 3-405-14003-X. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pentlanditt