Per Rune Henriksen

norsk politikar

Per Rune Henriksen (fødd 14. mars 1960 i Bergen) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Hordaland i 2005 og vald på nytt i 2009 og 2013.

Per Rune Henriksen

Per Rune Henriksen
Foto: Jarle Vines
Fødd14. mars 1960 (64 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv

Henriksen tok U. Pihls gymnas, naturfaglinje 1976-1977, Bergen yrkesskole, tømrarlinja 1977-1978 og avla svennebrev som tømrar i 1981.

Henriksen var tilsett hos byggmeister S. H. Pedersen 1978-1981, byggmeister Odd Ådnekvam A/S 1982-1985, NOREMA A/S 1985-1986, Bybygg A/S 1986-1987, Fagbygg Vest 1987-1988, Fredskorpset i Kenya for Norad 1988-1990, Bygg og Rehabilitering 1990-1991, Regionalt verneombod Fellesforbundet 1992-1997 og sekretær LO i Bergen og Omland 1997-2005.

I perioden 2000-2006 var han styreleiar i Bergen og Omegn Boligbyggelag.

3. september 2010 vart han i statsråd utnemnd til statssekretær for Terje Riis-Johansen. Han var statssekretær i Regjeringa Stoltenberg II fram til 7. mai 2013.[1]

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

  1. «Jens Stoltenbergs andre regjering». Regjeringa.no. Henta 17. oktober 2017.