Percy av The Kinks

Percy
Filmmusikkalbum av The Kinks
Språk engelsk
Utgjeve 26. mars 1971
Innspelt Oktober 1970 - januar 1971 i Morgan Studios i London
Lengd 33:03
Selskap Pye NSPL 18365
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One
(1970)
Percy Muswell Hillbillies
(1971)
Singlar frå Percy
  1. «God's Children»
    Utgjeve: 1971

Percy er eit filmmusikkalbum frå 1971 av det engelske rockebandet The Kinks for den britiske kommedien med same namn. Songane vart skrivne av Ray Davies og inkluderte både standard popsongar og instrumentale nummer. Albumet vart det siste dei gav ut på Pye Records, og enda med det ein sju år lang kontrakt. Albumet vart ikkje gjeve ut i USA og var berre tilgjengeleg der i mange år via import.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]
Blender1/5 stars[2]

Percy vart ikkje godt motteke og har heller aldri vorte rekna som ein del av albumkatalogen av bandet sjølv.

«God's Children» vart gjeven ut som singel i april 1971 (den aller siste utgjevinga på Pye medan dei framleis var under kontrakt). I motsetnad til albumet vart singelen gjeven ut i USA i juli, men nådde ikkje salslistene verken der eller i heimlandet. Han vart derimot ein liten hit i Australia (53. plass) og New Zealand (21. plass).

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ray Davies.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«God's Children»3:16
2.«Lola» (instrumental)4:46
3.«The Way Love Used to Be»2:15
4.«Completely» (instrumental)3:41
5.«Running Round Town» (instrumental)1:06
6.«Moments»2:57
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Animals In The Zoo»2:22
2.«Just Friends»2:38
3.«Whip Lady» (instrumental)1:20
4.«Dreams»3:45
5.«Helga» (instrumental)1:57
6.«Willesden Green»2:27
7.«God's Children - End» (instrumental)0:29
Bonusspor på CD-utgåva frå 1998 og 2004 (monomiksar frå filmen)
Nr.TittelLengd
14.«Dreams» 
15.«Moments» 
16.«The Way Love Used to Be» (versjon 1) 
17.«The Way Love Used to Be» (versjon 2) 
18.«The Way Love Used to Be» (versjon 3) 
Bonusspor på Sanctuary Records si luksusutgåve frå 2014 - Plate 2
Nr.TittelLengd
14.«Dreams» 
15.«Lola» 
16.«Apeman» 
17.«Rats» 
18.«Powerman» 
19.«The Moneygoround» 
20.«Apeman» 
21.«God's Children» 
22.«The Way Love Used to Be» 
23.«God's Children - End» 

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Eder, Bruce. Percy av The KinksAllmusic. Henta 10. april 2018.
  2. Blender review Arkivert 30. september 2007 ved Wayback Machine.