Perlemaurvarslar
Perlemaurvarslar, Megastictus margaritatus, er ein liten maurvarslar i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Megastictus.
Perlemaurvarslar | |
Perlemaurvarslarhann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Perlemaurvarslar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Megastictus |
Art: | Perlemaurvarslar M. margaritatus |
Vitskapleg namn | |
Megastictus margaritatus |
Perlemaurvarslar er 14 centimeter i lengd og veg om lag 19,5 gram. Hannen har gråleg fjørdrakt med mørke eller svarte venger og hale. Han har fleire vengeband av uvanleg store kvite flekker og kvite flekker på halefjørene. Hofuglen er brunleg, oversiden av hovud i brunt til olivengrønt, venge og haleflekkene er gulbrune. Hos begge kjønn er strupen lys og undersida lysare enn oversida. Dei flyttar seg snøggt på greiner når dei beitar i trea, 4 til 10 meter over bakken.
Arten har utbreiingsområdet innanfor landa Brasil, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela. Han har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar opp til 400 moh.
Kjelder
endre- Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av perlemaurvarslar hos Internet Bird Collection
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Megastictus margaritatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. august 2014.