Perrieritt er eit svart, oftast metamikt mineral med komplisert samansetjing, vesentleg eit silikat av kalsium, lantanoidar, magnesium, jarn og titan. Det er funne eit par stader i Noreg, i litt større mengd frå ein granittpegmatitt i Radøy på Hordaland. Det er nærskyldt (dimorft) med chevkinitt.

Det er kalla opp etter den italienske mineralogen C. Perrier (1886–1948).

Kjelder endre