Peter Christian Boye

Peter Christian Boye (4. mars 179023. juli 1880) var ein prest, gardbrukar og stortingsmann frå Kongsberg. Mathias Boye var ein yngre bror.

Peter Christian Boye
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mars 1790
Kongsberg kommune
Død

23. juli 1880 (90 år)
Asker

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Engelbreth Boye

Boye var fødd på Kongsberg, som son av ein rektor. Han voks dels opp i Trondheim, og var, etter han vart cand. theol. i 1813, adjunkt i byen i tre år. Deretter var han sju år residerande kapellan i Støren. Sokneprest i Sør-Aurdal 1823-29, og Overhalla 1829-35. Frå 1835 til 1859 var han sokneprest i Jevnaker, i tida 1838-51 også prost i Ringerike og Hallingdal.

Boye var 1. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget i 1836, og på overordentleg storting 1836-37. Han var i 1836 medlem av kyrkjekomiteen og i 1836-37 av næringskomiteen.

I 1859 tok Boye avskjed frå presteembetet. Han busette seg då på garden Hofstad i Asker og dreiv denne. Der døydde han i 1880.

Kjelder endre