Peter Karl Holmesland (24. juni 18668. februar 1933) var ein jurist, embetsmann og stortingsmann frå Holum i Vest-Agder. Simon Holmesland var far hans.

Peter Holmesland
Fødd 24. juni 1866

Holum

Død 8. februar 1933
Parti Venstre

Holmesland var student i 1884 og cand. jur. i 1889. 1890-91 var han eidsvoren fulllmektig hos sorenskrivaren i Nordre Jarlsberg. Frå 1892 var han tilsett i Finansdepartementet, 1899 var han konstituert fut i Larvik. Holmesland var sorenskrivar i Gjerpen frå 1909. 1902-04 var han medlem av bystyret i Larvik.

Holmesland representerte Porsgrunn for VenstreStortinget 1913-15. Han var medlem av Lagtinget og fullmaktskomiteen. Nestformann i justiskomite nr 2.

Han døydde i 1933 og vart gravlagd i Barbu.

Han var far til forfattaren Sigrid Boo.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914