Peter Petersen

norsk bergmeister

Peter Petersen (9. juli 176719. oktober 1850) var ein norsk bergmann og stortingsmann.

Peter Petersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juli 1767
Trondheim
Død

19. oktober 1850 (83 år)
Sandefjord kommune

Yrke bergmeister, politikar
Språk norsk

Petersen var fødd i Trondheim, der faren var snikkarmeister. Sjølv vart han student frå katedralskulen i byen i 1784. Deretter var han lektor ved ingeniørkorpset i København, samstundes som han studerte mineralogi. 1784-97 studerte han bergvitskap i Sverige, særleg i Falun og Stockholm, med stipend. Han vart i 1797 utnemnd til bergmeister og overtok straks etter styringa over jarnverka i Larvik grevskap. 1805-15 var han styrar av Fritzø jarnverk. Perioden 1817-24 budde Petersen i København.

Stortinget 1827 og på overordentleg storting 1828 representerte Petersen Jarlsberg og Larviks amt. Han var i 1827 mellom anna medlem av komiteen om berg- og skogvesen, og komiteen om Larvik grevskap. I 1828 var han medlem av reglementskomiteen og av komiteen om bidrag til kabinettkassa.

Etter han kom heim til Noreg i 1824 budde Petersen vekselvis i Larvik og på gardar han eigde i Lardal. Han døydde ugift i Sandefjord i 1850.

Kjelder endre