Peter Lacy

(Omdirigert frå Peter von Lacy)

Peter Lacy (fødd 26. september 1678 ved Limerick i Irland, død 19. april 1751 i Riga), òg kjent som Peter von Lacy eller Pjotr Petrovitsj Lassi, var ein irsk-russisk offiser frå Limerick i Irland, og seinare general og adelsmann i teneste hos tsaren i Russland. Han var formelt guvernør for det russiske Guvernementet Livland 1727-1751.[1]

Peter Lacy

Statsborgarskap Irland
Fødd 29. september 1678
Killeedy
Død

19. april 1751 (72 år)
Riga

Yrke militær
Ektefelle Marta Filippina von Funcken
Peter Lacy på Commons
Peter Lacy.

Han var ei stund i Frankrike frå oktober 1691, men forlét solkeisardømet til Ludvig XIV til fordel for militær teneste i Austerrike. Under austerriksk teneste i Russland frå 1697, med slaget ved Narva og feltoperasjonar i Livland, vart han skadd under den store nordiske krigen mot Sverige og forfremma til oberst. Året etter leia han ein brigade mot svenskane i slaget ved Poltava, og tok teneste hos prins Anikita Repnin, som var guvernør i Livland. Lacy var blant dei første som inntok Riga, og vart i 1712 kommandør på borga i byen. I 1719 var han med marinestyrken til Fjodor Apraksin, og gjekk i land og øydela svenske våpenarsenal og -fabrikkar ved Umeå.

I 1726 vart Lacy øvstkommanderande i Livland etter Repnin, og tre år seinare guvernør i provinsen. Her vart han kjent med grevinna av Kurland, den seinare tsarina Anna av Russland, som gjorde Lacy til øvstkommanderande. Han sigra over polakkane i den polske arvefølgjekrigen i 1734, og han vart russisk øvstkommanderande i den russisk-tyrkiske krigen frå 1736. Etter sigeren over tyrkarane 1739 tok han igjen aktivt opp guvernørposten i Livland.

Peter Lacy var igjen øvstkommanderande under den russisk-svenske krigen (1741-1743), vann ein knusande siger over svenskane ved Villmanstrand i august 1741, og erobra i praksis heile det sørlege Finland året etterpå. Etter dette vart han verande aktiv guvernør og øvstkommanderande i Livland til han døydde i Riga 19. april 1751.

Kjelder

endre
  1. A ja O Taskuteatmik Eesti, utgjeve av forlaget Eesti Entsüklopeediakirjastus, Tallinn 2007, side 127.