Petra Schersing

(Omdirigert frå Petra Müller)

Petra Schersing, fødd Müller, (fødd 18. juli 1965) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Aust-Tyskland. Perioden 1986-90 vann ho åtte medaljar i internasjonale meisterskap, fire individuelt på 400 meter og fire i stafettløp.

Petra Schersing


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 18. juli 1965 (58 år)
Quedlinburg
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 1988 – 400 meter kvinner, athletics at the 1988 Summer Olympics – women's 4 × 400 metres relay

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Aktiv endre

Müller sprang inn til bronsemedalje på 400 meter under europameisterskapen 1986 i Stuttgart, langt bak suverene Marita Koch og 0,21 sekund attom Olga Vladykina frå Sovjetunionen. Tre dagar seinare tok ho seg av tredje etappen for austtyske gullmannskapet i 4 x 400 meter stafett, dei andre på laget var Kirsten Emmelmann, Sabine Busch og Marita Koch.

Året etter fekk Müller sølv på 400 m ved verdsmeisterskapen i Roma, meir enn halvsekundet bak Olga Bryzjina (eks Vladykina). På den lange stafetten sikra ho seg VM-gull i lag med Dagmar Neubauer og førnemnde Emmelmann og Busch.

Med tida 49,30 sekund presterte Müller livsbeste på 400 meter ved eit stemne i Jena 3. juni 1988. Under dei olympiske sommarleikane tre månader seinare tok ho eitt nytt individuelt sølv på distansen, Bryzjina vart suveren olympisk meister. Dei fire austtyske stafett-verdsmeisterane enda opp med OL-bronse på 4 x 400 m stafett.

I europameisterskapen 1990 i Split henta Petra Schersing, som ho heitte etter giftarmål, si tredje individuelle sølvmedalje på 400 m. Og som ved EM 1987 og OL 1988 hadde ho inkje å stille opp mot vinnaren, landskvinna Grit Breuer slo henne med eit heilt sekund. Saman med Manuela Derr, Annett Hesselbarth og ankerkvinne Grit Breuer sprang Schersing i same meisterskapen Aust-Tyskland inn til fyrsteplass i 4 x 400 m stafett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1986 i Stuttgart: Bronse på 400 m – 49,88. Gull i 4 x 400 m stafett
  • VM 1987 i Roma: Sølv på 400 m – 49,94, bakom Olga Bryzjina (49,38). Gull i 4 x 400 m stafett
  • OL 1988 i Seoul: Sølv på 400 m – 49,45, bakom Olga Bryzjina (48,65). Bronse i 4 x 400 m stafett
  • EM 1990 i Split: Sølv på 400 m – 50,51, bakom Grit Breuer (49,50). Gull i 4 x 400 m stafett

Kjelder endre