Petter Mørch Koren

Petter Mørch Koren (22. januar 191014. november 2004), fødd i Edinburgh, var ein norsk jurist og politikar frå Kristeleg Folkeparti.

Petter Mørch Koren
Fødd22. januar 1910
Edinburgh
Død14. november 2004 (94 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, dommar, faglitterær forfattar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervFylkesmenn i Oslo og Akershus 1970-1979
FøregangarJohn Lyng
EtterfylgjarGunnar Alf Larsen

Han var justisminister i to periodar:

Koren var varamedlem i Hedrum heradsstyre 1937–1938 og varamedlem i Oslo bystyre 1947–1951. Han var medlem av Oslo formannskap frå 1951 til 1965. Vidare var han konstituert Fylkesmann i Oslo og Akershus 1966–1970 og fylkesmann same stad 1970–1979.

Han blei uteksaminert cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1932. Etter studieopphald i England 1932–1933 arbeidde han først som sakførarfullmektig og dommarfullmektig. 1938–1940 var han tilsett som sekretær i Handelsdepartementet, frå 1940–1942 sekretær i Sjøfartsdepartementet, frå 1942–1945 byråsjef. Frå 1949 til 1956 var han byråsjef i Handelsdepartementet. Deretter var han byrettsdommar i Oslo byrett fram til 1965.

Han har hatt ei lang rekkje offentlege verv og tillitsverv. Han blei utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 1979.

Han var son til presten Laurentius Stub Koren (1879-1956) og husmor Thordis Andrea Mørch (1881-1965).

KjelderEndra