Phil Kenzie er ein britisk saksofonist og rock and roll-musikar.

Phil Kenzie
Fødd1950 (74 år)
OpphavStorbritannia
Instrumentsaksofon
Verka sommusikar, saksofonist

Det første bandet til Kenzie var The Pressmen i Liverpool.[1] Bandet spelte stundom på same scene som The Beatles.[1]

Kenzie har anten turnert eller spelt med The Beatles, Eagles, Graham Nash, Carly Simon, David Crosby, Black Sabbath, Jackson Browne, Stevie Nicks, Alan Parsons, David Essex, Leo Sayer, Wishbone Ash, Manfred Mann Chapter Three, Annie Lennox, The Pointer Sisters, The Coasters, The Temptations, Rod Stewart, David Bowie, Eric Carmen, America, Vince Gill og Debbie Gibson, blant fleire andre.[1]

The Beatles nytta Kenzie på albumet deira Let it Be og han spelte saksofonsoloen på Eagles-songen «The Long Run»[1] frå Live-albumet til Eagles. Kenzie spelte saksofon på Al Stewart-hitten «Year of the Cat».

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Top40-Charts bio (henta 4. juni 2018)