Let It Be
Studioalbum av The Beatles
Språk engelsk
Utgjeve 8. mai 1970
Innspelt
  • Februar 1968
  • Januar–februar 1969
  • Januar; mars–april 1970
i Abbey Road Studios i London
Apple Studio i London
Twickenham Film Studios i London
Sjanger
Lengd 35:10
Selskap Apple
Produsent Phil Spector
The Beatles-kronologi 
Abbey Road
(1969)
Let It Be From Then to You
(1970)
Singlar frå Let It Be
  1. «Let It Be»
    Utgjeve: 6. mars 1970
  2. «The Long and Winding Road» / «For You Blue»
    Utgjeve: 11. mai 1970

Let It Be er det tolvte og siste studioalbumet som The Beatles gav ut. Det kom ut 8. mai 1970 på bandet sitt eige Apple Records, men vart distribuert gjennom EMI. Albumet kom ut kort tid etter bandet annonserte at dei hadde gått frå kvarandre.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[3]
The A.V. ClubB−[4]
Billboard4/5 stars[5]
Chicago Sun-Times2.5/4 stars[6]
Christgau's Record GuideA−[7]
The Daily Telegraph2/5 stars[8]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[9]
Pitchfork9.1/10[10]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[11]
Sputnikmusic4/5[12]

Det meste av Let It Be vart spelt inn i januar 1969, før innspelinga av albumet Abbey Road. På grunn av dette hevdar enkelte kritikarar og tilhengjarar at Abbey Road i røynda er det siste albumet til bandet, og Let It Be det nestsiste. Let It Be skulle opphavleg ut før Abbey Road ein gong midt i 1969 med tittelen Get Back, men The Beatles var ikkje nøgd med denne utgåva av albumet, som vart miksa og sett saman av Glyn Johns. Prosjektet vart derfor mellombels lagt på hylla. Albumet vart seinare overdubba og miksa på ny (eller nyprodusert) av Phil Spector i 1970 og så til slutt gjeve ut som Let It Be. Albumet inneheld òg musikken for filmen med same namn frå 1970, som er ein dokumentarfilmen om bandet som øver og spelar inn albumet.

Øvingane og innspelingane av albumet var ikkje lett på grunn av stadig krangling mellom medlemmane. Harrison forlet faktisk bandet under øvingane etter fleire kranglar med både McCartney and John Lennon, men vart overtalt til å kome tilbake nokre dagar seinare. Filmen er kjend for å vise fleire konfliktar mellom medlemmane og har ofte vorte omtalt som ein dokumentar som viser oppløysinga av bandet og ikkje skapinga av albumet.

Både kritikarar og tilhengjarar var forholdsvis negative til albumet, og sjølv om noko av kritikken gjekk på kvaliteten av sjølve songane, gjekk det meste av kritikken mot produksjonen til Spector. Meiningane om albumet i dag er delte, men dei fleste kritikarane reknar Let it Be som eit av dei svakaste Beatles-albuma. Trass i at magasinet Rolling Stone gav det negativ kritikk då det kom ut, plasserte dei i 2003 albumet på 86. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[13] På den oppdaterte lista deira i 2012 hadde albumet vorte flytta ned til 392. plassen.[14]

McCartney var i 2003 medverkande til Let it Be...Naked, ei alternativ utgåve av albumet der bidraga til Spector var fjerna.

Innspelinga endre

Seint i 1968 ønskte Paul McCartney å spele konsertar med the Beatles igjen, meir enn to år etter dei gav opp turnelivet. På dette tidspunktet hadde det oppstått ein del gnissingar mellom medlemmane, som dei føregåande seks månadane hadde gjort ein del av sine eigne prosjekt. Innspelinga av White Album hadde lidd under fleire kranglar og dårlegare forhold mellom dei fire medlemmane.

McCartney, som på dette tidspunktet tok over føringa i bandet, følte at åra utan konsertar og stadig meir intrikate og kompliserte musikkverk i studio, hadde drive medlemmane frå kvarandre, slik at dei ikkje lenger arbeidde som ei gruppe, slik dei ein gong hadde gjort. McCartney følte at det beste dei kunne gjere for å ordne opp i dette problemet var å kome saman så raskt som mogeleg (White Album var ferdig i oktober 1968), starte arbeidet på eit nytt album utan å nytte altfor mykje av teknikken i studio, og heller gå tilbake (get back) til røtene som eit verkeleg band. Kanskje dei òg kunne spele inn nokre av songane til det nye albumet under ein eingongskonsert eller ein heilt turne.

Ideen om å gå tilbake til røtene var ei haldning ein såg hos fleire rockeartistar på denne tida, særleg i USA, som ein reaksjon på psykedelisk og progressiv musikk som hadde vorte dominerande dei siste to åra med stadig meir fiksing og triksing i studio. McCartney kan ha vore påverka av denne utviklinga, og var til dømes sjølv stor tilhengjar av Canned Heat, ei gruppe som var knytt til denne nye tankegangen. McCartney meinte at ved å dra ut på turne igjen, så ville dei få tilbake det samhaldet dei hadde hatt dei første åra bandet eksisterte.

I tillegg foreslo McCartney at det nye prosjektet kunne gjerast om til eit multimediaprosjekt, som bestod av ein konsert (eller turne), album og film. Filmen skulle vere i form av ein dokumentar som tok føre seg perioden heilt frå dei første øvingane av songane til albumet til den foreslåtte konserten. McCartney foreslo at Michael Lindsay-Hogg, som nyleg hadde arbeidd med Rolling Stones, kunne regissere filmen.

McCartney inviterte òg produsent og lydteknikar Glyn Johns til innspelinga. Rolla til Johns vart aldri klartlagt og McCartney ønskte òg å nytte seg av George Martin, noko som gjorde at ingen av dei hadde ein klår ide om dei var produsent, medprodusent eller berre lydteknikar.

Dei andre tre Beatles-medlemmane var derimot langt mindre entusiastiske til McCartney sine idear. Ikkje berre hadde dei nettopp gjort ferdig eit album, men dei var òg lunkne til å spele konsertar. Særleg George Harrison var imot å legge ut på noko turne, og var den av medlemmane som hadde mislikt dette mest under perioden med Beatlemania. Men han hadde nyleg vore i USA og spelt litt i lag med Bob Dylan og Delaney and Bonnie, og likte ideen om «gå tilbake til røtene». Det same appellerte til John Lennon, som òg hadde byrja å gå lei dei stadig meir innfløkte innspelingsmetodane som hadde starta med Revolver. I tillegg hadde alle medlemmane likt å spele inn songen «Happiness is a Warm Gun» på White Album, som på grunn av dei mange takt- og temposkifta gjorde at bandet måtte fokusere kraftig og vere samspelte som eit band. Bandet vart derfor einige om å gå i gang med øvingane like over nyttår, sjølv om ein ikkje var einige enno om filmprosjektet.

Sidan alle øvingane skulle filmast, valde bandet å øve i eit filmstudio. Øvingane starta 2. januar 1969, men det valet av lokale viste seg å vere ein tabbe. Lysssetjinga til filmmannskapet plagde Lennon, og i staden for å øve om kvelden, slik The Beatles ønskte, kravde filmmannskapet at øvingane starta kl. 08 om morgonen. Om vinteren så viste dette lokalet seg å vere særs kaldt og ta lang tid å få varma opp. Lennon følte at filmmannskapet var påtrengande, medan resten av medlemmane syntes det same om Yoko Ono, kjærasten til Lennon. Det vart ikkje gjort nokre innspelingar som vart nytta på albumet under desse øvingane, men Spector nytta noko av dialogen på albumet.

Dei dårlege tilhøva i øvingslokalet og dei personlege skilnadane mellom bandmedlemmane gjorde at det raskt braut ut krangling. Den tredje øvingsdagen diskuterte bandet alt om dei skulle løyse seg opp. Lennon var på denne tida avhengig av heroin og medverka lite kreativt til Beatles, og medverka til og med sjeldan til arrangementet av sine eigne songar. George Harrison vart stadig meir bitter. Medan han vart respektert av kollegaer som Bob Dylan og Eric Clapton, følte han at songane han kom med til the Beatles anten vart ignorert eller spotta. Bandet var lite samspelte, og McCartney prøvde å få opp stemninga med å verke oppmuntrande overfor dei andre, som i staden såg på dette som at McCartney var kontrollerande og nedlatande.

10. januar oppstod ein heftig krangel mellom McCartney og Harrison, då Harrison meinte at McCartney var nedlatande og sjefete då han prøvde å forklare Harrison korleis han skulle spele gitarsoloen på «I've Got a Feeling», som seinare vart ein av dei mest kjende sekvensane i filmen Let It Be. Etter ein enno hardare krangel med Lennon same dag, annonserte Harrison at han forlet bandet. Lennon foreslo å leige inn Eric Clapton som erstatning for Harrison, kanskje som eit fulltidsmedlem om Harrison ikkje kom tilbake. McCartney og Starr var imot forslaget og hevda at bandet ikkje var the Beatles utan alle dei fire medlemmane i bandet. Ei veke seinare hadde Harrison vorte overtalt av bandet om å kome tilbake. Harrison tok med seg organisten og pianisten Billy Preston for å dempe uroa og for at han skulle hjelpe bandet med spelinga.

Konsertideen enda med at the Beatles og Preston den 30. januar spelte på taket av Apple Building i 3 Savile Row føre eit lite publikum av vener og tilsette i bygningen. Etter klage på støy kom politiet raskt til staden og stogga konserten. Tre songar vart spelt inn på taket, nemleg «Dig a Pony», «I've Got a Feeling» og «One After 909», som er med på albumet.

Bandet spelte hundrevis av songar under Get Back/Let It Be-øvingane og innspelingane. Bortsett frå songane som hamna på Let It Be var det tidlege utgåver av songar som kom med på Abbey Road. Andre songar kom til å ende opp på Beatlesmedlemmane sine soloalbum, mellom anna «Jealous Guy» av John Lennon (då kalla «Child of Nature»). I tillegg var det mange coverversjonar og jammar.

Get Back endre

Bandet var samde om å spele albumet inn på direkten, utan å legge på lag på lag med instrument, som dei hadde gjort på dei føregåande albuma. Det vart teke bilete til omslaget (framsida dukka seinare opp på samlealbumet 1967–1970, òg kalla The Blue Album). Glyn Johns sette saman ei utgåve av Get Back på ei acetatplate i mars 1969. Han spelte plata for bandet, som no ikkje lenger var interesserte i prosjektet. Same månad gav Lennon og McCartney Johns beskjed om å produsere eit album av innspelingane.[15] Johns miksa albumet i Olympic Studios mellom 3. april og 28. mai. Her nytta han litt andre utgåver av nokre av songane, samt nokre songar som ikkje var med på Let It Be.

Planen var at Get Back skulle kome ut i juli 1969, men vart utsett til september for å kome samstundes med ein planlagt TV-opptreden. I september vart utgjevinga av albumet utsett til desember, fordi bandet nettopp var ferdig med å spele inn Abbey Road og ønskte å gje ut dette i staden. Då desember kom vart Get Back lagt på hylla.

15. desember kom The Beatles igjen til Glyn Johns om å gjere ferdig albumet. Mellom 15. desember 1969 og 8. januar 1970 vart det gjort nye miksar. Songen «I Me Mine» vart spelt inn på nytt, utan Lennon som på denne tida hadde forlate bandet. Nok ein gong vraka The Beatles albumet.

Utgjeving endre

I mars 1970 vart lydbanda av innspelingane gjeve til den amerikanske produsenten Phil Spector, noko McCartney motvillig sa seg einig i. Spector arbeidde med songane og sette til slutt i saman det som vart albumet Let It Be. Albumet og filmen kom ut 8. mai 1970, men då hadde bandet alt gått frå kvarandre. Filmen fanga den vanskelege tida, samt klipp frå takkonserten.

McCartney var djupt misnøgd med måten Spector hadde handsama nokre av songane, særleg «The Long and Winding Road»". McCartney hadde ønskt songen som ein enkel pianoballade, men Spector hadde lagt på orkester og kor. McCartney prøvde å stoppe utgjevinga av plata for å endre på dette, men utan hell. Dette var ein av årsakene til at McCartney like etter annonserte at han forlet The Beatles. Spector har for mykje kritikk for albumet, men Lennon forsvarte han i eit intervju i 1980: «He was given the shittiest load of badly-recorded shit with a lousy feeling to it ever og he made something of it.»

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Two of Us»3:33
2.«Dig a Pony»3:52
3.«Across the Universe»3:47
4.«I Me Mine» (Harrison)2:25
5.«Dig It»0:49
6.«Let It Be»4:01
7.«Maggie Mae» (trad., arr. av Lennon/McCartney/Harrison/Starkey)0:41
Side to
Nr.TittelLengd
1.«I’ve Got a Feeling»3:37
2.«One After 909»2:52
3.«The Long and Winding Road»3:37
4.«For You Blue» (Harrison)2:32
5.«Get Back»3:07

Medverkande endre

The Beatles

  • John Lennon – solo- og korvokal, rytmegitar, sologitar på «Get Back», lapsteelgitar på «For You Blue», akustisk gitar på «Two of Us», «Across the Universe» og «Maggie Mae», 6-strengs bassgitar på «Dig It», «Let It Be» og «The Long and Winding Road», plystring på «Two of Us»
  • Paul McCartney – solo- og korvokal, bassgitar, akustisk gitar på «Two of Us» og «Maggie Mae», piano på «Dig It», «Across the Universe», «Let It Be», «The Long and Winding Road» og «For You Blue», Hammondorgel og elektrisk piano på «I Me Mine», maracas på «Let It Be»
  • George Harrison – solo- og rytmegitar, akustisk gitar på «For You Blue» og «I Me Mine», tambura på «Across the Universe», nedstemt 6-strengs elektrisk gitar på «Two of Us» og «Maggie Mae», solovokal på «I Me Mine» og «For You Blue», korvokal
  • Ringo Starr – trommer, perkusjon på «Across the Universe»

Andre musikarar

Produksjon

Salslister og salstrofé endre

Vekeslister
Liste (1970) Plassering
Australsk Kent Music Report[16] 1
Kanadisk RPM-lista[17] 1
Den nederlandske albumlista[18] 1
Japanske Oricon-lista[19] 2
Norske VG-lista[20] 1
Den svenske albumlista[21] 2
UK Albums Chart[22] 1
US Billboard Top LPs[23] 1
Vest-Tyskland Media Control-lista[24] 3

Vekeslister (1987-utgåva)
Liste (1987) Plassering
Den japanske albumlista[19] 8
UK Albums Chart[22] 50

Vekeslister (2009-utgåva)
Liste (2009) Plassering
Den austerrikske albumlista[25] 52
Den belgiske albumlista (Flandern)[26] 37
Den belgiske albumlista (Vallonia)[27] 64
Den danske albumlista[28] 40
Den finske albumlista[29] 34
Den japanske albumlista[30] 18
Den mexicanske albumlista[31] 30
Den portugisiske albumlista[32] 11
Den spanske albumlista[33] 45
Den svenske albumlista[34] 24
Den sveitsiske albumlista[35] 48
Den newzealandske albumlista[36] 29
UK Albums Chart[37] 49

Årslister
Liste (1970) Plassering
Den australske albumlista[16] 6
UK Albums Chart[38] 6
US Billboard Pop Albums[39] 31
Liste (1972) Plassering
Den japanske albumlista[40] 8
Liste (1973) Plassering
Den japanske albumlista[40] 7

Tiårsliste
Liste (1970–79) Plassering
Den japanske albumlista[41] 7

Saltrofé
Region Salstrofé
Australia (ARIA)[42] Platina
Canada (Music Canada)[43] 3× Platina
Frankrike (SNEP)[44] Gull
Storbritannia (BPI)[45] Gull
USA (RIAA)[46] 4× Platina

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 1994.[47]

Kjelder endre

  1. Unterberger, Richie. «Review: Let It Be». Allmusic. Henta 24. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 Classic Rock Magazine, 2014. september «Let It Be saw the band return to their R&B and blues roots»
  3. Unterberger, Richie. «Let It Be – The Beatles». AllMusic. Henta 17. mars 2018. 
  4. Klosterman, Chuck (8. september 2009). «Chuck Klosterman Repeats The Beatles». The A.V. Club (Chicago). Arkivert frå originalen den 17. mars 2018. Henta 17. mars 2018. 
  5. Partridge, Kenneth (8. mai 2015). «The Beatles' 'Let It Be' at 45: Classic Track-by-Track Album Review». Billboard. Henta 17. mars 2018. 
  6. McLeese, Don (26. oktober 1987). «Beatle Discs». Chicago Sun-Times. Arkivert frå originalen 8. januar 2018. Henta 17. mars 2018. (krev abonnement (help)). 
  7. Christgau, Robert (1981). «The Beatles: Let It Be». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 17. mars 2018. 
  8. McCormick, Neil (8. september 2009). «The Beatles – Let It Be (8th May, 1970), review». The Daily Telegraph. Henta 17. mars 2018. 
  9. Larkin, Colin (2006). Encyclopedia of Popular Music 1. Muze. s. 489. ISBN 0195313739. 
  10. Richardson, Mark (10. september 2009). «The Beatles: Let It Be». Pitchfork. Henta 17. mars 2018. 
  11. Sheffield, Rob (2004). «The Beatles». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 51–54. ISBN 0-7432-0169-8. 
  12. «The Beatles – Let It Be (album review 2) – Sputnikmusic». sputnikmusic.com. Henta 17. mars 2018. 
  13. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 10. desember 2007. 
  14. Rocklist Music
  15. Mark Lewisohn (1996). The Complete Beatles Chronicle. Chancellor Press. ISBN 0-7607-0327-2. 
  16. 16,0 16,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  17. «RPM – Library and Archives Canada». RPM. Henta 17. mars 2018. 
  18. «dutchcharts.nl The Beatles – Let It Be» (ASP). Hung Medien, dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 17. mars 2018. 
  19. 19,0 19,1 «Yamachan Land (Japanese Chart Archives) > Albums Chart Daijiten > The Beatles» (på japansk). Original Confidence. Arkivert frå originalen 19. desember 2012. Henta 17. mars 2018. 
  20. «norwegiancharts.com The Beatles – Let It Be» (ASP). Henta 17. mars 2018. 
  21. «Swedish Charts 1969–1972» (PDF) (på svensk). Hitsallertijden. Henta 17. mars 2018. 
  22. 22,0 22,1 «The Beatles - Full official Chart History». Official Charts. Henta 13. mai 2016. 
  23. «The Beatles - Chart history». Billboard. Henta 13. mai 2016. 
  24. «Album Search: The Beatles – Let It Be» (ASP) (på German). Media Control. Henta 17. mars 2018. 
  25. «austriancharts.at The Beatles – Let It Be» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 17. mars 2018. 
  26. «ultratop.be The Beatles – Let It Be» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 17. mars 2018. 
  27. «ultratop.be The Beatles – Let It Be» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 17. mars 2018. 
  28. «danishcharts.com The Beatles – Let It Be». danishcharts.com. Arkivert frå originalen (ASP) 25. april 2013. Henta 17. mars 2018. 
  29. «finnishcharts.com The Beatles – Let It Be» (ASP). Hung Medien. Henta 17. mars 2018. 
  30. «Highest position and charting weeks of Let It Be (2009 Remaster) by The Beatles». oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 17. mars 2018. 
  31. «mexicancharts.com The Beatles – Let It Be». mexicancharts.com. Arkivert frå originalen 25. mai 2013. Henta 17. mars 2018. 
  32. «portuguesecharts.com The Beatles – Let It Be» (ASP). Hung Medien. Henta 17. mars 2018. 
  33. «The Beatles – Let It Be» (ASP). spanishcharts.com. Henta 17. mars 2018. 
  34. «swedishcharts.com The Beatles – Let It Be» (ASP) (på svensk). Henta 17. mars 2018. 
  35. «The Beatles – Let It Be – hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Henta 17. mars 2018. 
  36. «charts.org.nz The Beatles – Let It Be». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 8. november 2012. Henta 17. mars 2018. 
  37. «Official Albums Chart Top 100 (13. september 2009 - 19. september 2009)». Official Charts. Henta 17. mars 2018. 
  38. «1970s Albums Chart Archive». everyhit.com. The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 6. oktober 2009. Henta 17. mars 2018. 
  39. «Billboard.BIZ – TOP POP ALBUMS OF 1970». Henta 17. mars 2018. 
  40. 40,0 40,1 «Top-ten of the Japanese Year-End Albums Charts 1970–1974» (på japansk). Oricon. Arkivert frå originalen 16. juli 2012. Henta 17. mars 2018. 
  41. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  42. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 17. mars 2018. 
  43. «Canadian album salstrofé – The Beatles – Let It Be». Music Canada. Henta 17. mars 2018. 
  44. «French album salstrofé – The Beatles – Let It Be» (på fransk). InfoDisc. Henta 17. mars 2018.  Select THE BEATLES and click OK
  45. «British album salstrofé – The Beatles – Let It Be». British Phonographic Industry. Henta 15. september 2013.  Enter Let It Be in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  46. «American album salstrofé – The Beatles – Let It Be». Recording Industry Association of America. Henta 17. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  47. «Beatles albums finally go platinum». British Phonographic Industry (BBC News). 2. september 2013. Henta 17. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

Føregangar
Bridge Over Troubled Water
Simon & Garfunkel
Toppen av VG-lista
The Beatles

5 veker, veke 20–24, 1970
Etterfylgjar
Bridge Over Troubled Water
Simon & Garfunkel
Føregangar
Bridge Over Troubled Water
Simon & Garfunkel
Toppen av VG-lista
The Beatles

1 veke,–veke 26, 1970
Etterfylgjar
Bridge Over Troubled Water
Simon & Garfunkel