Songen The Long Run
The Long Run Singel av Eagles | ||
B-side |
«The Disco Strangler» | |
---|---|---|
Utgjeve | 27. november 1979 | |
Sjanger | Rock, bluesrock, funkrock | |
Lengd | 3:42 | |
Selskap | Asylum | |
Låtskrivar(ar) | Don Henley, Glenn Frey | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
«Heartache Tonight» (1979) |
The Long Run | «I Can't Tell You Why» (1980)
|
«The Long Run» er ein song skriven av Don Henley og Glenn Frey og spelt inn av Eagles. Songen vert rekna som ei hyllest til rhythm and blues-stilen til Stax og Memphis.[1] Han var tittelsporet på albumet The Long Run og vart gjeven ut som singel i november 1979. Han nådde åttandeplassen i USA på Billboard Hot 100 tidleg i 1980.[2] han var den andre av tre singlar frå The Long Run, og følgde «Heartache Tonight,» som nådde toppen av Billboard Hot 100 i november 1979, og vart etterfølgd av «I Can't Tell You Why,» som òg nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 våren 1980.[2]
Songen vart nytta i fjernsynsshowet WKRP in Cincinnati i episoden «The Doctor's Daughter».
Musikkritikaren Dave Marsh skriv i boka si The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made at songen «The Long Run» er meir enn berre ei hyllest, og kalla det ein fullstendig kopi av R&B-songen «Tryin' To Live My Life Without You» av Otis Clay i 1972, skriven av Eugene Williams. Denne vart covra av Bob Seger i 1981.[3]
Medverkande
endre- Don Henley: solovokal, trommer
- Glenn Frey: rytmegitar, korvokal
- Joe Walsh: slidegitar, korvokal
- Don Felder: slidegitar, orgel, korvokal
- Timothy B. Schmit: bassgitar, korvokal
Lister
endreListe (1979/1980) | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot 100[2] | 8 |
Canada RPM Top Singles[4] | 9 |
Canadian RPM Adult Oriented Playlist[5] | 9 |
New Zealand[6] | 30 |
UK Singles Chart[7] | 66 |
Andre versjonar
endre- Det amerikanske skapunk-bandet Reel Big Fish spelte inn ein versjon av songen i 2009 på albumet Fame, Fortune and Fornication.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Long Run (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ruhlmann, William. «The Long Run > Review». Allmusic. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «The Long Run > Charts & Awards > Billboard Singlar». Allmusic. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ [1][daud lenkje]
- ↑ «RPM Volume 32 No. 19, February 02 1980». Henta 31. januar 2010.
- ↑ «RPM Volume 32 No. 19, February 02 1980». Henta 31. januar 2010.
- ↑ «charts.org.nz - Eagles - The Long Run». Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 31. januar 2010.
- ↑ «Chart Stats - Eagles - The Long Run». Henta 31. januar 2010.