Philip Warren Anderson
Philip Warren Anderson (fødd 13. desember 1923 ) er ein amerikansk fysikar. Han vart utdanna ved Harvard, og var elev av John van Vleck. Anderson var professor ved Cambridge University i London frå 1967 til 1975 og assisterande direktør ved Bell Telephone Laboratories i New Jersey i 1975-1976 og frå 1976 konsultativ direktør same stad. Frå 1975 var han professor ved Princeton University.
Philip Warren Anderson | |||
| |||
Fødd | 13. desember 1923 (100 år) Indianapolis | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mars 2020 Princeton | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar, teoretisk fysikar, skribent | ||
Institusjonar | Princeton University Santa Fe Institute University of Cambridge Bell Labs | ||
Alma mater | Harvard University United States Naval Research Laboratory | ||
Doktorgradsrettleiar | John Hasbrouck van Vleck | ||
Medlem | Royal Society Accademia Nazionale dei Lincei National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Indias nasjonale vitenskapsakademi American Physical Society |
Anderson vidareutvikla van Vleck sine idear og forklarte korleis lokale magnetiske moment kan opptre i metall som i rein form er umagnetiske, til dømes kopar og sølv. Han har òg levert vesentlege bidrag til kunnskapen om uordna system.
I 1977 fekk han Nobelprisen i fysikk saman med Nevill Francis Mott frå Storbritannia og John H. van Vleck frå USA «for det grunnleggande teoretiske arbeidet deira med elektronisk struktur i magnetiske og uordna system».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Philip Warren Anderson» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Philip Warren Anderson (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.