John Hasbrouck Van Vleck
John Hasbrouck Van Vleck (13. mars 1899–27. oktober 1980) var ein USA-amerikansk fysikar og matematikar. Han fekk Nobelprisen i fysikk i 1977 saman med landsmannen Philip Warren Anderson og briten Neville Francis Mott «for sine grunnleggjande teoretiske utforskingar av den elektroniske strukturen til magnetiske og uorganiserte system».
John Hasbrouck Van Vleck vart fødd i Middletown i Connecticut, men voks opp i Madison, Wisconsin. Han var av nederlandsk ætt, og både far og farfar hans var kjende matematikarar. Etter å ha studert ved University of Wisconsin–Madison, tok han doktorgrad ved Harvard University som han fullførte i 1922. Han slo seg til slutt til ro som fysikkprofessor ved Harvard, og han skreiv mykje faglitteratur.
Nobelprisen i fysikk
1977
Prisar og utmerkingar
endre(utval)
- 1966: National Medal of Science
- 1971: Elliott Cresson-medaljen
- 1974: Lorentzmedaljen
- 1977: Nobelprisen i fysikk
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «John Hasbrouck Van Vleck» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2012.