Phillips Idowu
Phillips Olaosebikan Idowu (fødd 30. desember 1978) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i tresteghopp. Han vart verdsmeister i øvinga i 2009 og europameister i 2010.
Phillips Idowu | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 30. desember 1978 (45 år) London |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006 |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Aktiv
endreI sin fyrste store tresteg-finale, under Sommar-OL 2000, enda Idowu på sjetteplass med eit hopp på 17,08 meter. Han kapra ein finaleplass også i friidretts-VM 2001, men stoppa på niandeplass med eit lengstehopp på 16,60 m. Hans store gjennombrot kom då han vann sølvmedaljen ved samveldeleikane 2002. Med eit hopp på 17,68 m sette han personleg rekord, men fann sin overmann i landsmannen Jonathan Edwards.
Ein kneskade sette Idowu utanfor friidrettsarenaen i 2003. Han var tilbake til Sommar-OL 2004, der han hoppa gode 17,33 m i kvalifiseringa. I finalen mislukkast han og fekk ikkje eit einaste godkjent hopp. Ved samveldeleikane 2006 vann han trestegtevlinga med eit hopp på 17,45 m. Han fylgde opp med ein femteplass i EM 2006 i Göteborg, lengstehoppet målte 17,02 m.
I 2007 vann Idowu tresteg innandørs-EM i Birmingham med eit hopp på 17,56 m. Same året kom han på sjetteplass ved friidretts-VM i Osaka, der lengstehoppet målte 17,09. I 2008 vann han innandørs-VM, han gjorde då sitt livs dittil lengste hopp med 17,75 m. Seinare i OL-året tok han sølvmedaljen under Sommar-OL 2008 i Beijing etter å ha hoppa 17,62 m. Nelson Évora nådde fem centimeter lengre og vart olympisk meister.
Rollene vart omsnudd for dei to under VM 2009. Idowu gjorde verdsbeste i øvinga for året med 17,73 meter i finalen og vann gullmedaljen, Évora på sølvplass landa på 17,55 m. Under friidretts-EM 2010 forbetra Idowu sin personlege rekord til 17,81 m og vann gull med 30 cm margin til andremann, Marian Oprea frå Romania. I 2011 strekte han seg til heile 17,77 m under VM i friidrett i Daegu, noko som gav han sølvmedaljen. Christian Taylor frå USA vann med 17,96 m.
Idowu la opp som tresteghoppar etter han ikkje lukkast å nå OL-finalen på heimebane i 2012.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2000 i Sydney: Nr 6 – 17,08 m
- VM 2001 i Edmonton: Nr 9 – 16,60 m
- EM 2002 i München: Nr 5 – 16,92 m
- OL 2004 i Athen: Nr 12
- EM 2006 i Göteborg: Nr 5 – 17,02 m
- VM 2007 i Osaka: Nr 6 – 17,09 m
- OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 17,62, bakom Nelson Évora (17,67 m)
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 17,73 m, framom Nelson Évora (17,55 m)
- EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje – 17,81 m, framom Marian Oprea (17,51 m)
- VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 17,77 m, bakom Christian Taylor (17,96 m)
- OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (16,53 m =nr 14)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Phillips Idowu» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2014.