Piako-elva

(Omdirigert frå Piakoelva)

Piako-elva er ei elv sør for HaurakigolfenNordøyaNew Zealand. Saman med Waihouelva er ho ei av dei to hovudelvene som dannar våtmarksområdet Hauraki Plains, som ligg ved sørenden til havbukta Firth of Thames.

Piako-elva
Piako River
elv
Land  New Zealand
Kart
Piako River
37°12′13″S 175°30′13″E / 37.203611111111°S 175.50361111111°E / -37.203611111111; 175.50361111111
Wikimedia Commons: Piako River

Piako River har utløpet sitt sør for Matamata og renn nordover i 100 km før ho når Firth of Thames fem km vest for byen Thames. På ferda si renn elva gjennom byane Morrinsville og Ngatea.

Piako River-brua

endre

Den opphavlege brua over elva, Piako River Brigde, vart bygd i Ngatea og opna i 1917. I den tidlegaste tida med busetnad i distriktet, måtte all transport og tilgjenge hit gå sjøvegen eller opp elver og gjennom kanalar. Etter kvart som vegnettet vart bygd ut, vart det viktig å få ei bru over elva, slik at ein kunne få ein hovudveg mellom Auckland og Tauranga.

Kjelder

endre