Ngatea er ein liten by i området Hauraki PlainsNordøyaNew Zealand. Han ligg i regionen Waikato, 18 km sørvest for Thames og 70 km søraust for Auckland i Hauraki District. Ngatea ligg ved Piako-elva, åtte km sør for der ho munnar ut i havbukta Firth of Thames. Innbyggjartalet var 1164 ved folketeljinga i 2006.[3]

Ngatea
by
Land  New Zealand
Region Waikato
Distrikt Hauraki District
Folketal 1 460 (30. juni 2018)
Kart
Ngatea
37°16′48″S 175°29′35″E / 37.28°S 175.493°E / -37.28; 175.493

Ngatea er tenestesenter i det blømande jordbruksområdet i Hauraki Plains, og vart grunnlagt først på 1900-talet som eit resultat av ei eineståande rekkje med kanalar og og flaumportar som tørrla landet og omdanna det til eit rikt område for produksjon av mjølk og mjølkeprodukt.

Byen yter også tenester til den motoriserte ferdsla mellom Auckland og Coromandelhalvøya og Bay of Plenty etter som han ligg ved riksvegen State Highway 2.

I og omkring Ngatea er ulike turistattraksjonar, både historiske og nyare, til dømes opplevingsparken Ngatea water gardens,[4] torvmyrer, og ein smykkesteinfabrikk.

Referansar endre

37°17′S 175°30′E / 37.283°S 175.500°E / -37.283; 175.500

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.