Pikulettar
Pikulettar er ei gruppe små hakkespettar og ein distinkt underfamilie av ca. 30 artar som lever hovudsakleg i tropisk Sør-Amerika, med berre tre asiatiske og éin afrikansk art.
Pikulettar | |
Okernakkepikulett Picumnus temminckii Foto: Dario Sanches
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Spettefamilien Picidae |
Underfamilie: | Pikulettar Picumninae G. R. Gray, 1840 |
Til likskap med dei «verkelege» spettane, har pikulettar store hovud, lange tunger som dei nyttar til å trekkje ut byttedyr med, og zygodaktyle føter, klatreføter, med to tær peikande framover, og to bakover. Men dei manglar dei stive halefjørene som spettane brukar når dei klatrar i tre, så det er meir sannsynleg at pikulettar kviler på ei grein enn i oppreist stilling på ein trestamme slik som spettane gjer.
Nebba deira er kortare og mindre dolkliknande enn hos spettane, slik at dei søkjer insekt og larver hovudsakleg i råte trevirke. Tilsvarande gjenbrukar dei spettehòl til reirplass, framfor å hakke ut eigne hòl. Egga er kvite, som hos mange andre hòlerugarar.
Vanlegvis har desse fuglane grå eller mattgrøn overside og lys underside med mørke striper.
Storpikulett, monotypisk i slekta Nesoctites, er ikkje rekna som medlem av underfamilien Picumninae.
Artslista
endrePikulettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
Slekt Picumnus
- Flekkpikulett, Picumnus innominatus
- Amazonpikulett, Picumnus aurifrons
- Orinocopikulett, Picumnus pumilus
- Selvaspikulett, Picumnus lafresnayi
- Eldkronepikulett, Picumnus exilis
- Krattpikulett, Picumnus sclateri
- Skjelpikulett, Picumnus squamulatus
- Kvitbukpikulett, Picumnus spilogaster
- Guyanapikulett, Picumnus minutissimus
- Perlepikulett, Picumnus pygmaeus
- Sjakkpikulett, Picumnus steindachneri
- Varzeapikulett, Picumnus varzeae
- Bandpikulett, Picumnus cirratus
- Pilspisspikulett, Picumnus dorb?ignyanus
- Okernakkepikulett, Picumnus temminckii
- Kilepikulett, Picumnus albosquamatus
- Rusthalspikulett, Picumnus fuscus
- Rustpikulett, Picumnus rufiventris
- Brunpikulett, Picumnus fulvescens
- Brunkinnpikulett, Picumnus limae
- Brunbrystpikulett, Picumnus nebulosus
- Mimosapikulett, Picumnus castelnau
- Ucayalipikulett, Picumnus subtilis
- Olivenpikulett, Picumnus olivaceus
- Colombiapikulett, Picumnus granadensis
- Kastanjepikulett, Picumnus cinnamomeus
Slekt Sasia
- Afrikapikulett, Sasia africana
- Malaypikulett, Sasia abnormis
- Kvitbrynpikulett, Sasia ochracea
Slekt Nesoctites
- Storpikulett, Nesoctites micromegas
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Piculet» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2011
Referansar
endre- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av pikulettar hos Internet Bird Collection