Colombiapikulett

fugleart

Colombiapikulett (Picumnus granadensis) er ein liten fugl i spettefamilien og ein medlem av underfamilien Picumninae, pikulettar. Han er endemisk for Colombia med utbreiing i sørvestre del av landet, på vestsida av sentrale Andes i departementa Nariño, Cauca, Valle del Cauca og Quindío, moglegvis nord til sørlegaste Antioquia.

Colombiapikulett
Colombiapikulett Foto: Francesco Veronesi
Colombiapikulett
Foto: Francesco Veronesi
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Colombiapikulett
Utbreiinga av Colombiapikulett
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Slekt: Picumnus
Art: Colombiapikulett P. granadensis
Vitskapleg namn
Picumnus granadensis

Skildring

endre

Colombiapikuletten har storleik som normalt for pikulettar, ca. 9-10 centimeter og han veg 12-13 g. Samanlikna med storleik for europeiske fuglar er dette om lag som ein gjerdesmett. Fjørdrakta har brungrå overside, ofte med oliventone, undersida er lys grå. Panne og hette på hovudet er mørk med små kvite flekker i hos hoer, hos hannar blir flekkene gulfarga i panna. Underarten lengst nord har lys brune streker på buk og sider og meir gråleg overside.[1] Dette er ein stille fugl, han har ei svak einstonig trille.

Habitatet ligg i både opphavleg og gjenveksten moderat fuktig skog, og i krattskog, i høgder mellog 800 og 2100 moh. Utbreiingsområdet er frå øvre Valle del Patía i Nariño, nordover til øvre Valle del Cauca, dessutan på vestsida av Andes, frå øvre delar av Río San Juan i sør nordover til sørlegaste Antioquia.[1] Han er standfugl.

Storleiken og utviklinga av populasjonen er ukjent, likevel er han klassifisert som livskraftig av IUCN.

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Winkler & Christie i HBW (2002), om underarten P. g. antioquensis

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Colombiapikulett