Pietro Querini var ein adelsmann og handelsmann frå Venezia. Han er kjend for si eiga skildring av då eit handelsskip kom ut av kurs. Til slutt dreiv han og dei andre folka om bord i land ved Røst i Lofoten.

Pietro Querini
Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 15. hundreåret
Venezia
Død

15. hundreåret

Yrke handelsmannn

Eit fullasta skip med 68 mann om bord, sigla frå Kreta den 25. april 1431. I staden for å nå Flandern, førte ein kraftig storm dei ut av kurs, og mannskapet måtte gå over i dei to livbåtane den 17. desember. Den eine med 47 mann om bord dreiv så i land den 5. januar 1432 på øya Sandøy utanfor Røst. Av 29 overlevande, levde 11 til slutt vidare. Fiskarar fann dei etter eit par veker, og den lokale presten fungerte som tolk. Etter tre-fire månader med pleie frå folk på øya, reiste dei sørover. Dei fekk vera med som gjestar på ein båt i jektefarten, med stopp i Trondheim, Vadstena i Sverige og London. Med seg attende hadde dei tørrfisk. Querini kan ha vore ein av dei første som hadde med seg tørrfisk til Italia.

Querini skildra i etterkant ferda. Skildringa vart utgjeve i 1559. Skildringa av dei fastbuande var veldig positiv. Seinare vart verket omsett til tysk (1615) og andre språk. Elles hadde mange ei oppfatting av folk i Norden som lite gjestfrie og eit noko hardt folkeferd: «Fra tredje februar til den 14. Mai 1432 var vi i paradisets første krets, til skam og skjensel for Italias riker.» Opphaldet vart òg skildra, av to andre overlevande, Cristoforo Fioravante og Nicolaus Michele. Skildringa deira skal ha vore i samsvar med Querini si framstilling, men båe manuskripta er gått tapt. «Querini-støtta» vart i 1932 reist på Sandøy til minne om hendinga.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Amund Helland: Norsk omsetjing av Querinis beretning, i Nordlands amt. Bind II, i serien Norges Land og Folk Kristiania 1908
  • Helge A. Wold: I paradisets første krets, Cappelen 1991
  • Helge A. Wold Querinis reise - historier om en historie. Omsett til italiensk av Lucio Lombardi og Enrica Sollaino Querinis og mannskapet si skildrign er omsett til norsk av Marie L. Aalen. Orkana Forlag 2004 ISBN 82-8104-000-9