Amund Helland
Amund Theodor Helland (fødd 11. oktober 1846 i Bergen, død 15. november 1918) var ein norsk geolog og politikar (Venstre).
Han vart cand.min. i 1868, og vart i 1885 tilsett ved Det Kongelege Frederiks Universitet i eit ekstraordinært professorat i bergbyggingslære og geologi, eit embete han heldt til han døydde.
Helland var ein allsidig person. I dag er han best hugsa som kulturgeograf, og det omfattande verket hans Norges land og folk topografisk-statistisk beskrevet i førtito tjukke bind, er i format og omfang ei unik kjelde til landet i denne tida. Verket inneheld skildringar av landskap, samfunn og folk.
Karakteristikkane hans av samar kategoriserte desse som å finne seg på eit lågareståande utviklingstrinn. Om kollegaen sin Thekla Resvoll sa han «Hon er en meget betydeleg vitenskapsmann, eg hadde aldri trodd at et kvinnfolk kunde nå så langt». Helland var òg utdanningspolitisk interessert, og ivra for sjølvstyre for universitetet i forhold til dei pengemessige bidragsytarane, samt fridom for professoren i forhold til administrativ rektor.
Erik Werenskiold målte eit frodig portrett av Helland i 1885. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen.
Utgjevingar
endre- Om Jordklodens Bygning (1878) NBdigital[daud lenkje]
- Kongsbergs Sølvværks drift før og nu (1885)
- Tagskifere, hellere og vekstere (1893) NBdigital[daud lenkje]
- Norsk bergret (1893)
- Jordbunden i Norge (NGU, 1893) NBdigital[daud lenkje]
- Jordbunden i Jarlsberg og Larviks amt (NGU, 1894) NBdigital[daud lenkje]
- Hvad vi spiser i Norge og hvad der spises i Paris. Forsøg paa en norsk ernæringsstatistikk. (1896)
- Lofoten og Vesteraalen (NGU, 1897) NBdigital[daud lenkje]
- Bergverksdrift og steinbryting i Norge (1901)
- Oldfundene og Norges folkemængde i forhistoriske tider (1908)
- Rovdyrene i Norge (1914)
- Noregs land og folk topografisk-statistisk beskrevet (1885–1921)
- Topografisk-historisk skildring over Søndre Trondhjems amt (2 bd., 1898)
- Topografisk-historisk skildring over Tromsø amt (2 bd., 1899)
- Topografisk-historisk skildring over Bratsberg amt (2 bd., 1900)
- Topografisk-historisk skildring over Nordre Bergenhus amt (2 bd., 1901)
- Topografisk-historisk skildring over Hedemarkens amt (2 bd., 1902)
- Topografisk-historisk skildring over Lister og Mandals amt (2 bd., 1903)
- Topografisk-historisk skildring over Nedenes amt (2 bd., 1904)
- Topografisk-historisk skildring over Finmarkens amt (3 bd., 1905)
- Topografisk-historisk skildring over Nordlands amt (4 bd., 1907)
- Topografisk-historisk skildring over Nordre Trondhjems amt (2 bd., 1909)
- Topografisk-historisk skildring over Romsdals amt (2 bd., 1911)
- Topografisk-historisk skildring over Kristians amt (4 bd., 1913)
- Topografisk-historisk skildring over Jarlsberg og Larvik amt (3 bd., 1914)
- Topografisk-statistisk skildring over Bergen (2 bd., 1916)
- Topografisk-statistisk skildring over Kristiania (3 bd., 1917)
- Topografisk-statistisk skildring over Søndre Bergenhus amt (3 bd., 1921)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amund Helland» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2010.