Pigghå
Pigghå
Pigghå
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av pigghå
Utbreiinga av pigghå
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Infraklasse: Neoselachii
Overorden: Squalomorphii
Orden: Håar Squaliformes
Familie: Pigghåfamilien Squalidae
Slekt: Squalus
Art: Pigghå S. acanthias
Vitskapleg namn
Squalus acanthias

Pigghå (Squalus acanthias) er ein haifisk i håfamilien.[2] Han har ein giftig pigg framme på kvar av dei to ryggfinnane, derav namnet.

Pigghåen er utbreidd langs heile norskekysten, men har gått sterkt tilbake dei siste åra. Norsk raudliste 2021 reknar den norske bestanden som ksårbar, noko som skuldast at den låge fruktbarheita har gjort fisken særs sårbar for overfiske. Han lever på djupn ned til 400 m, og opptrer ofte i stimar på fleire tusen individ. Han kan bli opptil 120 cm lang. Kjøtet skal vere velsmakande.

Indre organ endre

 
Indre organ hos pigghå
  • 1: Lever
  • 2: Magesekk
  • 3: Bukspyttkjertel
  • 4: Tarm
  • 5: Rektal kjertel
  • 6: Milt
 
Pigghåmuskulatur
  • 1: Raud muskulatur
  • 2: Kvit muskulatur
  • 3: Halevene
  • 4: Halearterie
  • 5: Sentrum
  • 6: Ryggnerve
  • 7: Neuralboge
  • 8: Hemalboge
  • 9: Horisontale septum

Kjelder endre

  1. Hesthagen T, Wienerroither R, Bjelland O, Byrkjedal I, Fiske P, Lynghammar A, Nedreaas K og Straube N (24. november 2021). «Fisker: Vurdering av pigghå Squalus acanthias for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 9. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 9. mars 2022. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

Faktaark om pigghå frå den norske artsdatabanken

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.