Pincheffekt

magnetisk sjølvfokusering av ei straumførande plasmasøyle

Pincheffekt er ein magnetisk sjølvfokusering av ei straumførande plasmasøyle. Når det blir sendt straum i same retning gjennom to parallelle leiarar, vil det induserte magnetfeltet omkring leiarane verke slik at dei blir trekt mot kvarandre. På same måte vil, når ein sender straum gjennom ein sterkt ionisert gass, eit plasma, straumbanane og dermed plasmaet blir trekt saman. Dette blir kalla pincheffekt. Effekten kan gjere at plasmaet fjernar seg frå veggene som held det på plass, samstundes som trykket inne i plasmasøyla stig kraftig.

Lynnedslag er ein illustrasjon på pincheffekten av plasmasøyler.

Pincheffekten nyttast ved fusjonsforsøk, der kjernefysiske reaksjonar skal setjast i gang og haldast ved like ved så høg temperatur at ingen faste stoff toler belastninga, men smeltar eller fordampar. Den ekte pincheffekten er ustabil. Etter nokre få mikrosekunder vert den straumførande søyla broten i stykke og plasmaet breier seg utover. Men med ytre magnetfelt i tillegg kan ein oppnå stabile tilhøve i lang tid.

Kjelder endre