Piotr Lisek (fødd 16. august 1992) er ein polsk friidrettsutøvar frå Duszniki som tevlar i stavhopp. Han vann sølvmedaljen i VM 2017 og tok broner i VM 2015 så vel som i VM 2019.

Piotr Lisek


Statsborgarskap Polen
Fødd 16. august 1992 (31 år)
Duszniki
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2016 – Stavsprang menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Stavsprang menn

Utmerkingar

Medalje for 100-årsjubileet for å gjenvinne uavhengighet

Aktiv endre

Doping endre

Lisek testa ved den polske friidretts-meisterskapen i juni 2012 positivt på metylheksanamin og vart utestengd frå idrett i seks månader.

Meisterskap og rekordar endre

Lisek vart sjettemann i europameisterskapen 2014 med 5,65 meter. Året etter tok han han seg over 5,80 m i fyrste forsøk då VM fann stad i Beijing, det same gjorde landsmannen Paweł Wojciechowski og franske Renaud Lavillenie, alle tre fekk ein bronsemedalje. I 2016 enda Lisek på fjerdeplass både i europameisterskapen og i sommarleikane.

Ved verdsmeisterskapen 2017 i London gjorde Lisek personbeste med 5,89 m og kneip sølvmedaljen framom Reynaud Lavillenie, verdsmeister vart Sam Kendricks frå USA med 5,95 m. Den 1. august 2018 sette Lisek i Wittenberg polsk rekord med 5,94 meter. I juli 2019 forbetra han rekorden til 6,01 m ved DL-stemnet i Lausanne. Berre få dagar seinare, den 12. juli, svinga han seg over 6,02 meter då han sigra ved DL-stemnet i Monaco.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre