Pitaloosie Saila
Pitaloosie Saila RCA (11. august 1942–24. juli 2021[1][2]) var ein kanadisk inuittisk biletkunstnar som hovudsakleg laga teikningar og litografi.[3][4] I verka sine utforskar Saila tema som familie, sjamanisme, fuglar og dei personlege livserfaringane hennar som inuittisk kvinne.[5] Verka hennar har vore med på over 150 utstillingar nasjonalt og internasjonalt, som i den anerkjente Isumavut-utstillinga The Artistic Expression of Nine Cape Dorset Women.[6][7][4] I 2004 blei Pitaloosie Saila og mannen hennar, bilethoggaren Pauta Saila, tekne inn i Royal Canadian Academy of Arts.[4]
Pitaloosie Saila | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 11. august 1942 Kinngait |
Død |
24. juli 2021 (78 år) |
Yrke | kunstnar, grafikar |
Bakgrunn
endreSaila blei fødd 11. juli 1942,[1] men fleire galleri oppgjev fødselsdatoen som 11. august 1942.[8] Ho blei fødd i Kinngait, eller Cape Dorset, i det som då var Nordvestterritoria (dagens Nunavut) i Canada. Foreldra hennar var Sam Pudlat og Katauga.[8] Ho var mykje av barndomen sin på sjukehus i Quebec og Ontario, for å få behandling for tuberkulose.[7][9] Ho lærte engelsk under sjukehusopphalda, og var ofte tolk for naboane sine. Mor hennar døydde då ho var to år gammal medan far hennar var borte på kvalrossjakt, og ho blei oppdratt av bestemor si.[10] Ho har sagt at det var vanskeleg for henne å læra inuktitut igjen då ho kom tilbake til Baffinøya i 1957 som femtenåring.
Pitaloosie Saila var i slekt med ei rekkje suksessrike kunstnarar. Mannen hennar Pauta Saila var ein høgt respektert skulptør, og stemor hennar, Mary Pudlat, har vore ein regelmessig bidragyder til Cape Dorset print samlingar. To av onklane til Pitaloosie, Pudlo Pudlat og Osoochiak Pudlat, har fått stor merksemd for grafiske verk, og den berømte fetteren til far hennar, Peter Pitseolak, var ein av dei første sør-baffin-inuittane til å produsere ei varig samling av kunstverk over lengre tid.
Kunstnarisk karriere
endreSaila byrja utvikla seg som kunstnar på 1960-talet, og utvikla straks ein personlig stil. Ho deltok i eit årleg graveringskollektiv i Cape Dorset frå 1968. Ho hadde då byrja å teikna på eige initiativ i byrjinga av 1960-talet, medan James Archibald Houston var på Cape Dorset, og stilen hennar var særmerkt henne. Ho laga særleg bilde av sterke, omsorgsfulle kvinner eller mødrer med borna sine, og teikna ofte fuglar og den mytiske figuren Taleelayu (eller Sedna). Pitaloosie Saila hadde mange høve til å reise i sørlege Canada og i utlandet i samband med kunst. Sommaren 1967 var ho i Toronto om sommaren med familien medan Pauta Saila laga ei utskjering til International Sculpture Symposium. I 1974 var ho til stades ved opninga av den fyrste soloutstillinga si i Hamilton i Ontario, og ved seinare framsyningar av verket sitt vitja ho større byar i sørlege Canada, USA og Europa.
113 av bilda hennar var med i Cape Dorset-trykksamlingane hennar frå 1968,
Anerkjenning
endreI 1977, som ei anerkjenning av kulturellarv i Canada, brukte Canada Post trykket hennar Fisherman's Dream frå 1971 som ein av ein serie på fire illustrerte frimerke.[11] I 1983 blei trykket hennar Arctic Madonna frå 1980 vald ut til eit kort for UNICEF.[12]
Det er verk av Saila i nokre av dei viktigaste samlingane av inuittisk kunst, som dei i National Gallery of Canada, Montreal Museum for Fine Arts (MMFA), Winnipeg Art Gallery og Canadian Museum of History.
I 2004 blei Saila vald til medlem av Royal Canadian Academy of Arts.[13]
- 2019 60/60, Feheley Fine Arts, Toronto
- 2016 Pitaloosie Saila: A Print Retrospective, Feheley Fine Arts, Toronto
- 2004 Sanaasimasiatok/Fine Works: Sculpture from Cape Dorset, Feheley Fine Arts, Toronto
- 2003 The Inuit Icon: Selections from Private Collections, Feheley Fine Arts, Toronto
- 1996-1997 Pitaloosie & Pauta, McMichael Canadian Art Collection, Kleinburg, ON
- 1994 – 1995 Isumavut: The Artistic Expression of Nine Cape Dorset Women, Canadian Museum of History, Gatineau, QC
- 1993 – 1994 Contemporary Inuit Drawings, Muscarelle Museum of Art, College of William and Mary, Williamsburg, VA
- 1991 – 1992 In Cape Dorset We Do It This Way: Three Decades of Inuit Printmaking, McMichael Canadian Art Collection, Kleinburg, ON
- 1989 – 1991 Kenojuak Ashevak, Lucy Qinnuayuak, Pitaloosie Saila – Flights of Fancy, Art Gallery of Ontario, Toronto
- 1988 – 1989 In the Shadow of the Sun: Contemporary Indian and Inuit Art in Canada, Canadian Museum of History, Gatineau, QC
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Pitaloosie Saila». Heard Museum Billie Jane Baguley Library and Archives. Henta 23 September 2021.
- ↑ «Inuit artist Pitaloosie Saila dead at 79» (på engelsk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ Leroux, Odette; Jackson, Marion E.; Freeman, Minnie Aodla (1994). Inuit Women Artists: Voices from Cape Dorset. Vancouver: Douglas & McIntyre. s. 160. ISBN 0295973897.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Pitaloosie Saila » WAG» (på engelsk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Pitaloosie Saila, WAG» (på engelsk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Pitaloosie Saila» (på engelsk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ 7,0 7,1 «Pitaloosie Saila» (på engelsk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ 8,0 8,1 «Pitaloosie Saila». Henta 23 September 2021.
- ↑ Spirit Wrestler Gallery. «Pitaloosie Saila (1942– ), Inuit artist biography». Henta 8 March 2015.
- ↑ Saila, Pitaloosie (Summer 1987). «Pitaloosie Saila Talks About Old Age, Her First Drawing, White People and Other Things» (PDF). Inuit Art Quarterly 2 (3): 12. Arkivert frå originalen (PDF) April 2, 2015. Henta 24 September 2015.
- ↑ Crandall, Richard C. (2000). Inuit Art: A History. McFarland. s. 221. ISBN 0786407115. Henta March 8, 2015.
- ↑ Leroux, Odette; Jackson, Marion; Freeman, Minnie (1994). Inuit Women Artists: Voices From Cape Dorset. Chronicle Books. s. 160–161. ISBN 0295973897.
- ↑ List of members
- ↑ «Pitaloosie Saila Traditional Inuit Artist | Feheley Fine Arts» (på engelsk). Henta 13. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Pitaloosie Saila» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2024.