Pjolter er ein alkoholhaldig drikk som oftast er laga av billig druebrennevin (brandy) eller blended whisky, blanda med soda eller selters.

Bakgrunn endre

Pjolter er eit særnorsk fenomen og var særleg populær i i Noreg frå 1920-talet og i nokre tiår etter andre verdskrigen. Drinken blir ofte tilskriven ein «P.J. Holter» som skulle ha vore bartender eller hovmeisterGrand Hotell i Oslo i mellomkrigstida og hadde vore i London og tatt med seg whisky og soda heim. Dette er truleg berre ei vandrehistorie. Drikken er omtalt allereie på 1880-talet, som ein «moderne Drik» kalla «pjaalter», i Morgenbladet.[1]

Namnet «pjolter» er dermed mest truleg av uviss tyding. Ein «pjolt» eller «pjalt» er ei fille eller ein ynkeleg person. Omgrepet om å «slå sine pjalter saman» er kjent. Ein «pjolter» kan då vere ein samanblanda drikk av ynkeleg og simpelt innhald. Det finske ordet paltoris tyder blanding. Lydmessig kan det vere ein samanheng mellom dette og pjolter.

Samansetningar endre

  • «Whisky-pjolter» er ei norsk nemning på whisky og soda.
  • «Mahogny-pjolter» inneheld så lite blandevatn at drinken har brennevinet sin brune farge.
  • «Kongepjolter» er ingen pjolter, men ein cocktail av konjakk og champagne.
  • «Pjoltergeist» er ei forvansking av det tyske ordet poltergeist (vanlegvis omsett med bankeånd) og gir ei slags forklaring på enkelte fenomen som opptrer i sansane til ein rusa person.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Tor Guttu, «Historien om Pjolteren», «Ordet», Kvartalskrift for riksmålsbevegelsen, nr 4, 2008 ved eikaberg.org.