Kanadalo

fugleart
(Omdirigert frå Pluvialis dominica)
Kanadalo
Kanadalo i hekkedrakt Foto: OW Johnson, USFWS
Kanadalo i hekkedrakt
Foto: OW Johnson, USFWS
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kanadalo
Utbreiinga av kanadalo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Pluvialis
Art: Kanadalo P. dominica
Vitskapleg namn
Pluvialis dominica

Kanadalo (Pluvialis dominica) er ein mellomstor vadefugl i lofamilien som hekkar i på tundra i Nord-Amerika, og er flyttfugl med overvintringsområde i sørlege Sør-Amerika.

Ho er 24-27 centimeter i lengd, [1] hekkedrakta er djupsvart med gylne flekker på oversida, krone, rygg og venger. Andletet og strupen er svarte med ein kvit kant rundt og drakta har dessutan svart bryst og buk og ein mørk undergump. Beina er svarte. Vinterdrakta er jamt over brunleg.

Kanadalo liknar mykje på heilo, Pluvialis apricaria, men mest på sibirlo, Pluvialis fulva. Samanlikna med heilo, så er kanadalo litt mindre, slankare og har relativt lengre bein enn heilo. Kanadalo har òg gråbrune fjører i armhòla og lysegrå underside av venger, her er heilo til samanlikning kvit. Men samanlikna med sibirlo, så er kanadalo større, har ein lengre primærprojeksjon og kortare bein enn sibirlo og er vanlegvis litt bleikare gul på ryggen. Kanadalo og sibirlo var tidlegare handsama som same arten.[2]

Kanadalo beitar på tundra, marker, tidevasstrender og muddervatn, vanlegvis søkjer dei fram føda ved hjelp av synet. Dei et virvellause dyr som insekt og krepsdyr, dessutan litt bær, frø og bladverk.

Hekkehabitatet til kanadalo er arktisk tundra i nordlege Canada og Alaska frå Baffinøya vestover til nordre og sentrale Alaska, inkludert Sewardhalvøya. Dei hekkar på bakken i eit tørt og ope område.

Dei er langdistansetrekkfuglar og overvintrar i det sørlege Sør-Amerika. I trekket følgjer dei ei elliptisk trekkrute: nordover i januar til april går ruta langs Mellom-Amerika og dei rastar i stor mengd undervegs før dei gjer det siste strekket mot nord. Om hausten tar dei ei meir austleg rute, flyg stort sett over heile det vestlege Atlanterhavet og Det karibiske havet, nokre truleg utan stopp til indre Amazonasbassenget før dei held fram til overvintringsområda i Patagonia.[3] Fugletrekk over eit så langt strekk er mogleg med hjelp av feittlagre i kroppen som er akkumulert opp før trekkflyginga tar til. Kanadalo er ein vanleg streiffugl til Vest-Europa.

Store tal av kanadalo vart skoten på slutten av 1800-talet og tidleg 1900-talet, og populasjonen har aldri reist seg att slik han var.

Kjelder endre

  • Johnson, Oscar W. and Peter G. Connors. 2010. American Golden-Plover (Pluvialis dominica), The Birds of North America Online (A. Poole, Ed.). Ithaca: Cornell Lab of Ornithology; Retrieved from the Birds of North America Online: http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/201 doi:10.2173/bna.201

Referansar endre

  1. Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7.
  2. Johnson et al (2010), seksjonen om systematikk
  3. Johnson et al (2010), seksjonen om migrasjon

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kanadalo