Pohjola er eit område som ofte vert nemnt i finsk mytologi. Pohja tyder nord, og Pohjola viser enten til polarområdet generelt, eller, som i Kalavala-eposet, til Sameland. I den verkelege verda dekkjer Pohjola delar av fylka Lappland og det gamle Kajanaland i Finland

Pohjola kan òg vera ein reint mytisk stad som er kjelda til alt vondt - eit lagnadstungt, evig kaldt land i det fjerne nord som var kjelda til sjukdommar og frost. Landet er fienden til Väinölä, som er Kalevala-landet.

Pohjola i Kalevala endre

I mytologien herskar den vonde og mektige heksa Louhi over Pohjola. Meistarsmeden Seppo Ilmarinen smir Sampo for henne etter at ho har bede om det og gjev den til henne som pris for å få gifta seg med dottera hennar. Sampo er ei trollkvern som mel fram overflod for folket i Pohjola.

Det roterande loket på Sampo er òg eit symbol på den stjernespekka himmelkvelven som snurrar rundt ein akse eller pilar som står i midten av verda. Denne pilaren, verdstreet, stod der stjernehimmelen ikkje rørte seg, altså i Pohjala, litt nord for horisonten til finnane. Det meste av Kalevala-stoffet dreiar seg om korleis Sampo vart til og sidan gøymd av heksa Louhi inni eit stort fjell i mørke Pohjola, og deretter om krigen menneska frå sør førte for å «frigjera» han til sitt eige bruk. Det enda med at Sampo vart knust og mista det ovviktige loket sitt, på same måte som verdstreet på Nordpolen vart øydelagt.

Andre personar frå Kalevala ønska òg å gifta seg med Pohjola-jenter, mellom anna eventyraren Lemminkäinen og den store vismannen Väinämöinen. Louhi bad då om storverk som kunne måla seg med Sampo frå dei, til dømes å skyta Tuonela-svana. Dersom friaren til slutt fekk dottera, heldt ein bryllaup med store ete- og drikkegilde i den store festsalen i Pohjola.

Anna endre