Opna hovudmenyen
Port Levy
Andre namn Koukourarata (Māori)
Styresmakter
Land
New Zealand New Zealand
Region: Canterbury
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

93
Koordinatar 43°38′″S 172°50′″EKoordinatar: 43°38′″S 172°50′″E
Tidssone +12 (UTC)
Plassering
Port Levy is located in New Zealand
Bryggje i Port Levy.
Bryggja som vist i filmen Sorte engler (Heavenly Creatures) frå 1994.

Port Levy er ei lang, skjerma bukt og ein liten busetnad på halvøya Banks Peninsula i regionen Canterbury.

Det noverande folketalet ligg under 100, medan staden midt i det 19. hundreåret var den største māoribusetnaden i Canterbury med eit folketal på kring 400[2]. Han har fått namn etter Solomon Levey, ein forretningsmann og skipseigar frå Sydney som sende fleire handelsskip til området kring Banks Peninsula i 1820-åra.

Innhaldsliste

HistorieEndra

Bukta vart busett av Ngai Tūāhuriri, ein understamme av iwien Ngāi Tahu, og høvdingen Moki kalla henne Koukourarata etter ein bekk i Wellington, til minne om fødselen til far hans, Tu Ahuriri.

Dette var også bustaden til Tautahi, høvdingen som sumplandet Ōtautahi fekk namn etter - no staden der byen Christchurch ligg.

Den første anglikanske kyrkja for māoriar vart bygd her, og ein stein markerer staden der ho stod.

AnnaEndra

Delar av Peter Jackson sin film Sorte engler (Heavenly Creatures) frå 1994 vart tekne opp i Port Levy.

ReferansarEndra

  1. Quick Stats About Port Levy Statistics New Zealand
  2. L.Harper, T.Mudd, P.Whitfield, D.Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York London Delhi. s. 676. ISBN 1-845353-679-X Sjekk |isbn=-verdien: length (hjelp). 

BakgrunnsstoffEndra