Posten Noreg

Posten Noreg AS er eit norsk heileigd statleg konsern, organisert som eit aksjeselskap som vart skipa i 2002.[1] Selskapet har ansvar for postgangen i Noreg. Konsernet driv også godsfrakt og anna. Posten er ein av dei største selskapa i Noreg med verksemd over heile landet. Tone Wille har vore konsernsjef i Posten sidan oktober 2016[2], medan Anne Carine Tanum har vore styreleiar sidan 2022.[3]

Posten Noreg
Posten-Norge-Logo.svg
Inngang Posthuset Vaterland Oslo.jpg
Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.984 661 185
Skipa17. januar 1647
DotterselskapBring, Nettlast, HSD Transport Sjå dette på Wikidata
EigarNærings- og fiskeridepartementet Sjå dette på Wikidata
Bransjepostvesen
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorOslo Sjå dette på Wikidata
Tilsette12 561 Sjå dette på Wikidata
Resultat13 000 000 norske kroner Sjå dette på Wikidata

Posten driv både med levering av fysiske sendingar og tilbyr elektroniske tenester, som Digipost. Leveransane kan skje både ved eigne bod og gjennom alliansepartnarar. Posten utfører tenester både for privatpersonar og føretak. Dei fleste kundane held til i Norden, men gjennom samarbeidspartnarar kan Posten tilby tenester over heile verda.

SogeEndra

Posten Noreg er eit av dei eldste og største statlege selskapa i Noreg. Selskapet har sine historiske røter attende til det postverket som vart skipa av Kristian IV av Danmark-Noreg i 1647. Posten Noreg hadde eit postmonopol fram til 2016, på grunnlag av at ein ville ha tilnærma likt posttilbod i heile landet.[4]

 
Norsk postboks frå 2003.

Saman med dotterselskapa CityMail og CityMail Danmark deler Posten Noreg ut post til 5,2 millionar husstandar i Skandinavia, og er det nordiske postselskapet som når ut til flest medlemmar. Posten har også kjøpt opp ein god del mindre transportselskap, mellom anna NorCargo og Box, som i likskap med CityMail no opererer under namnet Bring.

Konsernet omsette i 2006 for 23,7 milliardar kroner. Verksemda utfører vel 23 000 årsverk, har 10.000 postbod og sjåførar, der 2.000 er landpostbod.

KjelderEndra

  1. «Selskapsform og styring», Posten Norge (på norsk), henta 15. september 2022 
  2. «Konsernledelsen», Posten Norge (på norsk), henta 15. september 2022 
  3. «Styret», Posten Norge (på norsk), henta 15. september 2022 
  4. Seglsten, Johan (13. juli 2022). «postmonopolet». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Posten Noreg