Primož Ulaga (fødd 20. juli 1962) er ein slovensk tidlegare skihoppar frå Ljubljana, som representerte Jugoslavia. Han vann i 1988 sølvmedaljen i VM i skiflyging og ein olympisk sølvmedalje for Jugoslavia sitt firemannslag i laghoppinga. Same sesongen kom han på tredjeplassen i verdscupen i skihopping.

Primož Ulaga


Statsborgarskap Slovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 20. juli 1962 (61 år)
Ljubljana
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1984, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Laghopp

Utmerkingar

Bloudek-prisen, Bloudek badge, Slovenian Athletes Hall of Fame

Aktiv endre

Ulaga slo gjennom då han vart nummer tre og fire i dei to renna som avslutta den fyrste verdscupen i skihopping. Renna fann stad i Planica i slutten av mars månad 1980. 21. februar 1981 gjekk han heilt til topps i eit verdscuprenn i Thunder Bay, framom Johan Sætre frå Noreg. Dei neste to sesongane var Ulaga oftast å finne langt ned på resultatlistene, men på tampen av 1983-sesongen nærma han seg verdseliten og på heimegrunn i Planica avslutta han sesongen med ein andreplass og ein siger.

Frå OL-sesongen 1984 til og med den neste OL-sesongen høyrde Ulaga med til den ypparste verdseliten mellom skihopparane. Unnataket var 1985-sesongen, då han opna med ein femteplass, ein prestasjon han måtte vente til neste sesong for å overgå. Både i 1984 og 1986 vart han nummer seks i verdscupen samanlagt, i 1987 nummer sju, medan han i 1988 kom på tredjeplass, bakom vinnaren Matti Nykänen frå Finland og Pavel Ploc som representerte Tsjekkoslovakia. Mellom mars 1980 og mars 1990 vann Ulaga ni verdscuprenn og steig på pallen 25 gongar.

Ulaga vart nummer seks i storbakken under verdsmeisterskapen i Seefeld i 1985. Under OL 1988 i Calgary deltok han på det jugoslaviske laget som tok sølvmedaljane i laghoppinga, men lukkast slett ikkje i dei individuelle øvingane. Derimot fekk han same sesongen sølvmedaljen i VM i skiflyging i Oberstdorf, berre slått av Ole Gunnar Fidjestøl.

Ulaga la opp som aktiv skihoppar i 1992.

Verdcupsigrar endre

Nr. Dato Stad Land
1. 23. februar 1981 Thunder Bay Canada
2. 27. mars 1983 Planica Slovenia
3. 17. desember 1983 Lake Placid USA
4. 7. desember 1985 Thunder Bay Canada
5. 8. desember 1985 Thunder Bay Canada
6. 4. januar 1987 Innsbruck Austerrike
7. 25. januar 1987 Sapporo Japan
8. 26. mars 1988 Planica Slovenia
9. 27. mars 1988 Planica Slovenia

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre