Opna hovudmenyen

Prinsesse Astrid, fru Ferner

Prinsesse Astrid, fru Ferner (fødd 12. februar 1932) er den andre dottera til kronprins Olav og kronprinsesse Märtha. Søskena hennar er kong Harald V av Noreg og prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen.

Prinsesse Astrid, fru Ferner
Prinsesse Astrid fru Ferner og Johan Martin Ferner.jpg
Fødd1932-02-1212. februar 1932
Oslo i Noreg
TittelPrinsesse av Noreg
Alle titlarPrinsesse av Noreg (1932 - 1961)
Prinsesse Astrid, fru Ferner
Fullt namnAstrid Maud Ingeborg Ferner
LandNoreg
MorMärtha av Noreg
FarOlav V av Noreg
EktefelleJohan Martin Ferner
BarnCathrine Ferner, Benedikte Ferner, Alexander Ferner, Elisabeth Ferner, Carl-Christian Ferner

Prinsesse Astrid tok i 1950 examen artium ved Nissen pikeskole i Oslo. Ho studerte i Oxford frå 1950 til 1952. Prinsesse Astrid har drive mykje med keramikk og måling.

12. januar 1961 gifta Prinsesse Astrid seg med Johan Martin Ferner, og fekk då det offisielle namnet og tittelen Prinsesse Astrid, fru Ferner. Paret har fem ungar, Cathrine Ferner Johansen, fødd 22. juli 1962, Benedikte Ferner, fødd 27. september 1963, Alexander Ferner, fødd 15. mars 1965, Elisabeth Ferner, fødd 30. mars 1969 og Carl-Christian Ferner, fødd 22. oktober 1972. Paret bur i Oslo.

Dei første åra etter at Kong Olav kom på trona, bisto Prinsesse Astrid far sin mykje, og fungerte som landets førstedame. Dette var fordi Olav var enkemann då han blei konge, og den eldre syster hennar, Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen, var busett i Brasil.

Prinsesse Astrid har engasjert seg for fleire veldedige organisasjonar. Ho har hatt ei hovudinteresse for barn og unge med lese- og skrivevanskar, noko både ho sjølv og far hennar har slite med.

Astrid har fått ei lang rekkje utmerkingar og dekorasjonar, m.a. storkross med kjede av St. Olavs Orden. Heilt sidan mora hennar, kronprinsesse Märtha døydde, har Astrid vore den høge beskyttaren til Norges Lotteforbund.

TitlarEndra

Prinsesse Astrid av Noreg (1932-1961)
Prinsesse Astrid, fru Ferner

GalleriEndra

Astrid av Noreg