Profesjonsvitskap

Profesjonsvitskap kan verte nytta som samleterm for ei rad ulike vitskaplege studiar, disipliner eller fagområder av profesjonar eller yrke. Termen er særs sjeldan i bruk. Ein meir vanleg term er profesjonsstudium, noko som dekkjer forskinga på desse og på sjølve profesjonsutøvinga, til skilnad frå profesjonsstudiar som er utdanningar til ein profesjon.

Medan skilnaden mellom profesjonar og yrke tidlegare var skarpt, er han i dag tona ned, og forsking på profesjonar er eit fleirfagleg forskingsfelt med eit stort teori- og metodemangfald (jf. Molander og Terum, 2008). Ulike vitskapelige disiplinar studerer profesjonar på sin eigen måte og med eigne perspektiv, f.eks. frå filosofisk etikk, pedagogikk, sosiologi eller psykologi.

I forskinga på utdanningane til alle yrker og profesjonar er ein særleg oppteken av det som trengst i praksis av teoriar og dugleikar eller praktisk yrkestoeri, yrkesetikk og profesjonsetikk. Mange problemstillingar innanfor utdanningane til alle profesjonar gjeld tilhøvet mellom teori og praksis, noko ein kan studere både empirisk og teoretisk (jf. Mausethagen og Smeby, 2017; Gilje, 2017; Grimen 2008; Måseide 2008). Ei side ved profesjonelle handlinga som er mykje studert er taus kunnskap (jf. Polyani 1967), profesjonelt skjønn, dømmekraft, svarevne, eller fronesis, ein term frå den greske filosofen Aristoteles, òg kalla praktisk kunnskap. Det er ein evne som i siste instans er avgjerande for profesjonutøvaren, anten det dreier som etiske og kvalitative spørsmål i yrkesutøvinga (jf. Hovdenak og Wiese, 2017, McGuirk og Methi 2015). Dette er aspekt ved handlingar som unndreg seg vitskapleg forsking i streng, objektivistisk tyding. Desse kan ein nå meir indirekte og tolkande.

Tidlegare delte ein profesjonsutdanningar på universiteta (lækjar, jurist, prest o.l.) i to delar, eit theoreticum og eit practicum, men i dag er dei to delane ikkje så oppdelt i fasar. I lektorstudier inngår det alltid, eit practicum som vert kalla praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Tilsvarande kan ein forskar studere både utdanningane (theoreticum) og yrkespraksisen (practicum) og samanhengen mellom dei.

KjelderEndra

Litteratur
  • Polanyi, M. (1967). The tacit dimension. New York: Anchor.
  • Gilje, N. (2017). «Profesjonskunnskapens elementære former. Kvalifisering til profesjonell yrkesutøvelse». I Mausethagen, S. og J.-C. Smeby, (2017). Kvalifisering til profesjonell yrkesutøvelse. Oslo, Universitetsforlaget, s. 21-33.
  • Grimen, H. (2008). «Profesjon og kunnskap». I Profesjonsstudier. A. Molander og L. I. Terum. Oslo, Universitetsforlaget, s. 71-86.
  • Hovdenak, S. S. og E. Wiese (2017). «Fronesis. Veien til profesjonell lærerutdanning?» Uniped 40(2).
  • Mausethagen, S. og J.-C. Smeby, red. (2017). Kvalifisering til profesjonell yrkesutøvelse. Oslo, Universitetsforlaget.
  • McGuirk, J. og J. S. Methi (2015). Praktisk kunnskap som fag og forskningsfelt. Praktisk kunnskap som profesjonsforskning. Bergen, Fagbokforlaget.
  • Molander, A. og L. I. Terum, red. (2008). Profesjonsstudier. Oslo, Universitetsforlaget.
  • Måseide, P. (2008). «Profesjonar i interaksjonsteoretisk perspektiv». I Profesjonsstudier. A. Molander og L. I. Terum. Oslo, Universitetsforlaget, s. 367-385.

BakgrunnsstoffEndra