Provinsar på Irland

(Omdirigert frå Provinsar i Irland)

Irland er tradisjonelt delt inn i fire provinsar, som under det gæliske styret erstatta det gamle systemet med túatha.

Dei fire provinsane på Irland
Cúigí na hÉireann
Våpen
Land Mal:Landdata Irland, Storbritannia
Del av Irland, Storbritannia
Areal 84 412 km²
Folketal 5 962 110  (2006)
Folketettleik 71 / km²
Kart som viser Provinsar på Irland.
Kart som viser Provinsar på Irland.
Kart som viser Provinsar på Irland.
Wikimedia Commons: Provinces of Ireland

Dei fire provinsane er:

Provins Folketal Areal (km²) Tal på grevskap Hovudstad
Leinster 2 292 939 19 774 12 Dublin
Munster 1 172 170 24 608 6 Cork
Connacht 503 083 17 713 5 Galway
Ulster 1 993 918‡ 24 481 9 Belfast
Talet på grevskap er tradisjonelle grevskap, ikkje dei administrative.
Folketalet for Ulster er summmen av grevskapa i Repulikken Irland etter folketeljinga i 2006 og det estimerte folketalet for Nord-Irland i 2006[1] Folketalet for dei andre provinsane er etter folketeljing i 2006.

Opphavleg var det fem provinsar, men Meath, som var ein liten provins, vart tidleg ein del av Leinster. Det irske ordet for provins, cúige, tyder 'femtedel', noko som reflekterer den opphavlege inndelinga. Ordet vert no ikkje berre nytta om dei fire provinsane på Irland, men òg om provinsar i andre land, så den opphavlege tydinga er erstatta av ei nyare.

Under stordomstida til Irland i mellomalderen var desse provinsane kongedøme med laust fastsette grenser. Grevskapa vart innført som administrative einingar etter normannarane sin okkupasjon på 1100-talet og provinsane vart gradvis mindre viktige. I moderne tid vert dei assosierte med visse fastsette grevskap, men provinsane har ikkje lenger nokon administrativ funksjon.

Ulster er delt mellom Republikken (tre grevskap) og Nord-Irland (seks grevskap).

Fotnotar

endre
  1. World Gazetteer, Nord-Irland