Psykologiske operasjonar
Psykologiske operasjonar (også kalla PSYOPS) er det å nytta propaganda og andre psykologiske verkemiddel for å påverke meiningar, kjensler, haldningar og åtferd hjå fienden slik at den støttar interessene til den utøvande nasjonen i krigssituasjonar og/eller i fredstid.
Psykologisk krigføring (Psyops) er også brukt til å påverka folkeopinionen i sitt eige land og internasjonalt, dvs. venja folket til noko uunngåeleg for at dei skal sette seg mindre til motstand i samband med ei eventuell opptrapping av konflikten. Det ferskaste dømet på dette er USA si planlegging av krigen mot Irak i 2002 og fram til krigsutbrotet i 2003. Særleg i USA vart folk sterkt påverka av denne taktikken i 2002.[treng kjelde]
Psykologisk krigføring og propagandaen sin verdi, la både den marxistiske filosofen Antonio Gramsci og den nazistiske propagandisten Joseph Goebbels sterk vekt på. Dei opphavlege tankane om slike strategier kan sporast tilbake til greske filosofar, men Machiavelli er ofte rekna far til den psykologiske krigføringa eller propagandaen.
Mellom anna den amerikanske lingvisten og medieforskaren Noam Chomsky har argumentert for at USA kan bryte internasjonal rett (menneskerettar, krigsforbrytar-lovar, etc.) ved hjelp av propaganda via finansiering av filmar frå Hollywood og kontroll over mektige nyheitsformidlarar som CNN og Fox News. Ved å skape ei oppleving av at USA er ei genuint god makt (a good guy) kan ein i utanrikspolitikken utføre sterkt moralsk forkastelege handlingar og likevel sleppe unna, fordi verdsopinionen er indoktrinert til å tru at det USA gjer alltid er av det gode.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |