Pteroptochos
Pteroptochos er ei biologisk slekt i tapakulofamilien innanfor ordenen sporvefuglar. Dette er tre artar som lever frå nord til sør i Chile, og på ei tilstøytande grensestripe av Argentina. Dei er vanlegvis kjende som huet-huet eller turca i Chile.
Pteroptochos | |
Skjeggturka, Pteroptochos megapodius | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tapakuloar Rhinocryptidae |
Slekt: | Pteroptochos Kittlitz, 1830 |
Det feminine generiske namnet Pteroptochos stammar frå det greske "pteron": veng og "ptōkhos": svak, fattig.[1]
Fellesnemninga på norsk, turka, samsvarar med det spanske turca, og er nemnt i Darwin sine notatar frå den klassiske reisa med HMS «Beagle» 1832-1836.[2]
Skildring
endreDette er store tapakuloar som måler mellom 24 og 25 cm. Dei har lange bein og store, kraftige tarsi med lange klør.
Etter skildringa til autor, von Kittlitz, 1830:
- «Kroppen er merkbart samanpressa, spesielt hos dei mindre artane. Lår og føter spesielt sterke. Vengene veldig sterke, korte og nesten avrunda, stort sett dekte av dei lange og fillete fjørene på bakkroppen. Halen er ganske kort, ... konstant oppreist som hos gjerdesmettar .... Desse fuglane ser ikkje ut til å ha vorte utforma av naturen for å flyge. Eg såg dei bruke dei korte vengene sine berre for å hjelpe til med å springe, og til å utføre store sprang. Dei finst sparsamt i dei låge og spesielt tette buskane, der dei er veldig flinke til å gøyme seg, og dei spring over opne område med eineståande fart. Til saman la eg merke til følgjande tre artar av denne slekta:...» (Sitatet er omsett frå tysk.)[3]
Artslista
endreArtslista etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
- Slekt Pteroptochos
- Brunbrystturka, Pteroptochos castaneus, Chestnut-throated Huet-huet, Philippi & Landbeck, 1864, (LC)
- Svartbrystturka, Pteroptochos tarnii, Black-throated Huet-huet, (King, PP, 1831), (LC)
- Skjeggturka, Pteroptochos megapodius, Moustached Turca, Kittlitz, 1830, (LC)
-
Brunbrystturka, Pteroptochos castaneus
-
Svartbrystturka, Pteroptochos tarnii
-
Skjeggturka, Pteroptochos megapodius
Utbreiing
endreI Chile lever dei frå den tørre Atacama-regionen i nord sør til Biobío-regionen.
I Argentina er dei utbreidde i skogkledde dalar i Andes i argentinsk Patagonia frå nordvest i provinsen Neuquén, til Los Glaciares-nasjonalpark, sørvest i provinsen Santa Cruz-provinsen.
Det karakteristiske habitatet spenner frå tørre buskområde med steinar og kaktusar til valdiviske skogar med eviggrøne blomstrande plantar, med breie og blanke blad, som passerer gjennom skogar med ulike artar av sørbøk, både fleirårige og lauvfellande.
Dei byggjer reir i jordskjeringar, mellom steinar eller nær eit vasslaup.
Føde
endrePteroptochos-artar lever av små dyr som dei fangar på skogbotnen, og rører opp bladstrø; når dei gjer det, ber dei vanlegvis halen oppreist.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pteroptochos» frå Wikipedia på spansk, den 29. mars 2023
- Referansar
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 322. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Charles Darwin, red. (1838). The zoology of the voyage of H.M.S. Beagle ... during the years 1832-1836. Smith, Elder & Co. s. 71.
- ↑ Medrano, F., N. Krabbe, T. S. Schulenberg, og P. F. D. Boesman (2021). Moustached Turca (Pteroptochos megapodius), version 2.0. I Birds of the World (S. M. Billerman og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.moutur1.02
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2023. IOC World Bird List (v13.1). doi : 10.14344/IOC.ML.13.1 Henta 7. mars 2023
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/