Pudong, eigentleg Det nye distriktet Pudong (kinesisk: 浦东新区; pinyin: Pǔdōng Xīn Qū), er eit bydistrikt i den kinesiske byen Shanghai. Den delen av distriktet som ligg inne i tettbebyggelsen er òg byens finansielle sentrum og er blitt eit av verdas fremste økonomiske sentra.

Pudong

Etter at distriktet Nanhai i mai 2009 vart slått saman med Pudong, omfattar Pudong nesten alt land i byprovinsen Shanghai aust for elva Huangpu.

I dag opplever heile Pudong ei kraftig utbygging (2009), og skyskraparar ruver i det meste av horisonten, særleg nær sentrum. Mellom anna ligg den 421 meter høge skyskraparen Jin Mao Tower og det 492 meter høge Shanghai World Financial Center her. I 2008 starta bygginga av det 632 meter høge Shanghai Tower som etter planen skal stå ferdig i 2014.

Pudong sett vestfra over elva Huangpu

Pudong er den einaste staden i verda (pr 2008) med ein fullverdig maglevbane i vanleg offentleg drift. Det er firmaet Transrapid Shanghai som driv ein 30 km lang bane frå flyplassen Shanghai Pudong International nordaust i distriktet Pudong til Lóngyáng-gata i den bymessige og sentrumsnære delen av Pudong. Toga går på sitt hyppigaste med 15-minuttintervall, og tilbakelegg strekninga på 7 minutt og 20 sekund i ei fart som på det meste kjem opp i 431 km/t.