Purpurflangre
Purpurflangre | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Epipactis | ||
Art: | E. purpurata | ||
Vitskapleg namn | |||
Epipactis purpurata
Sm.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog | ||
Utbreiing: | Europa |
Purpurflangre (Epipactis purpurata) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Arten lever i lauvskog i det meste av Europa frå Danmark og sørover, men finst ikkje i Noreg.[3]
Utbreiing
endrePurpurflangre (dansk namn tætblomstret hullæbe) er ganske sjelden i Danmark, men har spreidde veksestader i fleire landsdelar og er rekna som livskraftig (LC).[4]
Purpurflangre (engelsk namn violet helleborine) er ganske vanleg i England, men finst ikkje i Wales eller Skottland og heller ikkje i Irland. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[5] på same måte som lokalt i England.[6]
Eit registrert funn frå 1935 sør i Litauen (litauisk namn trumpalapis skiautalūpis) har det ikkje vore mogleg å verifisere.[7] Han har stått på den litauiske raudlista klassifisert med usikker status (kategori 4 – nenustatyta),[8] men er ikkje teken med i den siste utgåva (2021).[9]
I Benelux er arten (nederlandsk namn paarse wespenorchis, fransk namn épipactis violacé) ikkje registrert i Nederland. I Belgia er han såvidt registrert i Flandern, medan han i Vallonia har nokre veksestader i sør.[10] Han er ikkje raudlistevurdert i Flandern og er rekna sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[11] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[12]
Hybridar
endreHybriden mellom purpurflangre og skogbreiflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × purpurata eller Epipactis ×schulzei)[13] var berre registrert nokre få stader aust på Jylland og på Falster, men er funnen fleire stader dei siste åra.[14][15] På Dei britiske øyane er han registrert mange stader i Sør-England.[16]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar purpurflangre». Artsdatabanken. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre purpurflangre». Artsdatabanken. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «PoWO: Epipactis purpurata». Plants of the World Online. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Tætblomstret Hullæbe Epipactis purpurata». Naturbasen. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 66-67. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 3. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingskaart: Paarse wespenorchis – Epipactis purpurata». Waarnemingen.be. Henta 19. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Epipactis × schulzei». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8.
- ↑ «Naturbasen: Skov-Hullæbe × Tætblomstret Hullæbe Epipactis helleborine ssp. helleborine × purpurata». Naturbasen. Henta 5. mars 2024.
- ↑ Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) purpurflangre hos Artsdatabanken
- (en) purpurflangre i Encyclopedia of Life
- (en) purpurflangre i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) purpurflangre hos Dyntaxa
- (en) purpurflangre hos NCBI
- (en) purpurflangre hos The International Plant Names Index
- (en) purpurflangre hos Tropicos
- (en) Kategori:Epipactis purpurata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Epipactis purpurata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Epipactis purpurata – detaljert informasjon på Wikispecies