Pyjamarama
Pyjamarama Singel av Roxy Music | ||
B-side |
«The Pride and The Pain» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1. mars 1973 | |
Innspelt | Februar 1973 | |
Studio | AIR Studios i London | |
Sjanger | Kunstrock, glamrock | |
Lengd | 3:00 | |
Selskap | Island | |
Låtskrivar(ar) | Bryan Ferry | |
Produsent | Chris Thomas, John Anthony, Roxy Music | |
Roxy Music-kronologi | ||
«Virginia Plain» (1972) |
Pyjamarama | «Do the Strand» (1973)
|
«Pyjamarama» er ein song av det britiske glamrockbandet Roxy Music, som vart gjeven ut på singel i mars 1973 for å marknadsføre albumet For Your Pleasure, sjølv om det ikkje var med på sjølve albumet. Songen var skriven av Bryan Ferry og som B-side var instrumentalen «The Pride and The Pain» skriven av Andrew Mackay.
I 1977 vart han gjeven ut som singel på ny, i lag med «Virginia Plain», for å marknadsføre Greatest Hits-albumet deira. Singelen nådde då 11. plass. Utgåva frå 1977 var ein annan miks med mindre saksofon-handsaming og ei alternativ redigering av gitaren i slutten.[1]
Ein konsertversjon av songen finst på Viva! Roxy Music.
Medverkande
endre- Bryan Ferry – vokal, piano, Hohner Pianet, mellotron, munnspel
- Brian Eno – VCS3 synthesizer, korvokal
- Andrew Mackay – obo, saksofon, Farfisa orgel
- Phil Manzanera – elektrisk gitar
- John Porter – bassgitar
- Paul Thompson – trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pyjamarama (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: