Pyroklastisk bergart
Pyroklastiske bergartar er bergartar som er samansett av vulkanske brotstykke, pyroklastar, og vulkansk oske som vert utstøytt ved eksplosive vulkanutbrot.
Pyroklastiske bergartar kan variere i klaststorleikar frå dei største agglomerata til særs fin oske og tuff. Pyroclastar av ulik storleik vert klassifisert som vulkanske bomber, lapilli og vulkansk oske. Oske vert rekna for å vere pyroklastisk fordi han er eit fint støv som består av vulkanske bergartar. Ein av dei mest spektakulære formene for pyroklastiske avsetningar er ignimbritt, som vert avsette i særs varme blandingar av gass og oske i pyroklastiske straumar.
Kjelder
endre- «Pyroklastisk bergart». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 17. november 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Pyroclastic rock» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2013.